Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 9. desember 2011

Eg - eit mediaoffer

Rett nok kasta eg i ein fysikktime eit elevbord gjennom klasserommet ein gong på sluttten av -70 talet. Det var for å demonstrera gravitasjonskrafta, og kva skade ei slik kraft kan påføra andre.
Men å nytta ein stol som linjal i matematikktimen, ligg langt på sida av slik mitt hovud og resten av kroppen fungerer.
Mens eg var i Kina har lokalavisa moroa seg på min kostnad.
Eg har høyrt ein skal vokta seg når media tek tak i ei sak. Anten må ein halda seg heime og legga seg flat, eller så får ein røme landet.
Eg kan godt tenkja meg det siste, iallfall til stormen har lagt seg...

1 kommentar:

  1. Eg seier det igjen: Stol på han Gunnar Sandvik! (Eller "Chair on him," som engelskmannen ville ha sagt.

    SvarSlett