Det er rart dette med molter, alle skal ha dei men berre få syns dei smakar særleg. Eg traff nokre eldre kvinner på toppane her idag. Dei oia seg, ikkje avdi dei var hofteskada og krokrygga, for det var dei, men dei klaga seg avdi dei ikkje fann molter. Kva brukar dokke moltene til?, ville eg vita. Jo det var til julekvelden då. Anna kunne dei ikkje kome på. Veit du kor me finn dei iår, ville dei vita. Nei iår trur eg ikkje det er så mykje, sa eg. Eg meiner at slike spørsmål er det uhøvisk å stilla. Gamle damer tillet seg jammen mykje. Dei burde vita at gamle menn ikkje deler koordinatar med kven som helst.
Sjølv plukka eg ikkje molter. Ikkje andre bær heller for den saks skuld. Det har noko med med tolmod å gjera. Plukkinga tek kona og barnebarnet seg av. Men eg held oppsikt med dei, og kjenner koordinatane deira. Og så står eg klar med vekta når eg har fått sula dei inn att.
Idag vog eg fangsten til 7 kg. Men kor dei fant dei? Tja ...
Published with Blogger-droid v1.7.4
Ja, og så fotograferer du dagens fangst - det er kjekt å ha bilder av utkommet. Eg gjer det meste sjøl, også fotograferinga. Men i år tilbaud naboen seg å klatre opp i toppen på plommetreet, mens eg og nabokona sto nede og tok imot. Det skal eg gjera oftare, for han hadde til og med rensa plommene for stilk før han sende dei ned. Så eg slapp lett i år. I morgen må vi vel ha en ny hente-seanse.
SvarSlett