Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 10. desember 2011

Slaget om smøret

Å mangla smør i adventstida er verre enn å sakna det resten av året. Det vert mager julebakst av slikt. Og Ingrid Espelid Hovig har sagt at utan skikkeleg smør i julekaka, vert det ingen yppige former korkje her eller der.
Kona mi har difor tråla alle dei matvarekjedane som er representerte på Husnes. Eurospar, Ica, Rema og Kiwi.
Eg kunne sjå det på henne der eg stod i stoveglaset når ho kom heim frå raida sine, at heller ikkje denne gongen hadde ho lykkast. Kraftig framoverluta med spøtehua godt nedover øyrene for ikkje å syna for all verda at ho også nå kom slukøyra attende til heimen. Ho minna meg om ein veidemann som for 3000 år sidan kom heim til familien sin ein stad ved Husnesfjorden, utan å ha med seg fangst attende til familien. Korleis skulle framtida bli.
Men så ein dag var haldninga hennar annleis. Eg såg det på lang avstand der ho kom nede i gata at noko stort var på gang. Hua sat lett på toppen av hårkransen, ryggen var rak og ho gjekk med sjølvsikre steg mot huset vårt. Eg la bort det eg hadde i nevane, og sette meg godt til rette i sofaen. Nå, tenkte eg. Nå blir det fest.
Kona hadde ikkje berre fått tak i smør, men det var måten det skjedde på som var så pirrande lysteleg ei soge:
PÅ Rema 1000 hadde det som lyn frå klår himmel dukka opp 4 pakkar meierismør i kjøledisken. Ikkje slike flotte 1/2 kg pakkar som me hadde før i tida, men dei mykje mindre bordpakningane. Ho forsynte seg grådig, og såg seg varsamt rundt idet ho skulle trilla vidare. Men så kom ei anna av same kjønn, men som tilhøyrde eit anna jaktvald. Eit jaktvald godkjend av den lokale butikkstyraren.
Det vart ein kamp. Du kan få ein pakke, meinte mi. Nei eg treng to, sa ho. Mi har alltid vore særs medgjerleg og empatisk. Ho hadde sjølv kjend på kroppen korleis det var å koma heim utan smør. Og då ho såg at Oppmannen stod i bakgrunnen klar til å mekla og eventuelt dømma, ordna ho opp sjølv.
Kona mi kom heim med 2 pakkar smør.
Skal me smørja oss ei julebrødskiva, spør eg, utolmodig og våt i munnen. Nei det er julegåver, seier ho.
Det var då eg skjøna at dette er ein kamp på mange plan. Eg må nok smørja med tålmod og margarin ei stund til.

1 kommentar:

  1. Kjøp rømme og kinn sjøl: Åtte potter rømme>fire merker smør. Då har du til trettandedagen, vil eg tru.

    SvarSlett