Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 17. juli 2011

På mental bærtur

Søndagen er her. Det er ei veke sidan syden. Ei veke som har gitt både kulde og regn, men også ein snev av sommar. Nå er det over med sommaren, seier verfolka. Eg har dekka over bassenget og stansa sirkulasjonspumpa. Det er ikkje kjekt å gjera slikt når både eg og Kvinnherad Energi har stått på saman om denne dugnaden for å varma det opp. Draumen var jo å velta seg i dette dei neste 2 månadene. Men slik er jo livet: Jo meir ein har, jo meir å ergra seg over.
Kona ergra seg over bærhausten. Den er enorm iår. Og ho valde ikkje sin livsledsagar ut frå hans lidenskap for berplukking. Om så var, hadde eg ikkje hamna i dette ekteskapet. Men det er fint å sjå at ho har gitt bærplukkargenet sitt vidare til nokre av etterkomarane. Det gir meg litt meir ro til å døsa i Baden Baden stolen medan ripsberbøtta fyllest. Men etter det kona seier, har ho og tenkt å legga opp snart. Det blir eit stort sakn å sitja ved frukostbordet gjennom vinteren utan å kunna frotsa i heimelaga syltetøy av rips, blåbær og jordbær. For ikkje å snakka om moltesyltetøyet og moltekremen på julekvelden. Eg vonar i det lengste at dette er tomme truslar. Men komande vinter ser heldigvis ut til å vera sikra.
Å plukke bær handlar vel om å ha eit slags tolmod. Som ektemann er eg som kjent den mest tolmodige av alle husdyr, men det finns altså mange slags tolmod. Å kunna ta det med ro og kontrollera kjenslene når adrenalinet pumpar i hender og hovud, å ha is i magen, skal vera ein positiv eigenskap. Det har i denne samanhengen ikkje noko å gjera korkje med Diplom eller Henning Olsen. Det er meir å våga å stå oppreist når ein helst skulle stikka av. Styrke til å sjå det an. Det er som kjend ikkje den sterkaste som vinn, det er den som aldri gir seg. Nokon kallar det for å vera sta. Det gjer ikkje eg.
På 1970-talet investerte eg i trykkokar. Ein hendig sak når poteter og anna skulle kokast ferdig i ein fei. Når ein hadde det ravelt og tolmodet svikta, var dette eit framifrå hjelpemiddel. Då skulle potetene leggast i kokaren på rist, og lokket med pakning vriast på. Så auka trykket i kjelen, og når dampstråla stod rak og tydleg til værs, blei loddet sett på dampventilen for å auka trykket ennå meir. Men når trykket blei for høgt, letta loddet seg litt og noko av damptrykket unnslapp før loddet glei attende og tetta holet. Eg lærte mykje av dette apparatet. Ikkje realfag, for den historia kunne eg. Men eg vann psykolgisk innsikt i eige sinn. Halde trykket under kontroll, men sleppe ut overtrykket dann og vann. Og då tenkjer eg ikkje på mageknipen.
Til slutt eit tips til deg som les denne bloggen, anten du er ung og urøynd eller gammal og nyfiken: Gå inn på denne linken til Illustrert vitenskap og undersøk ditt eige lynne og din eigen væremåte. http://illvit.no/sjekk-personligheten-din
Godtok du utfallet?

PS: Slik blei min profil:

3 kommentarer:

  1. Mitt resultat etter ei side med svar var: "Forbindelsen nedkoblet av tjeneren". Han fekk nok eit sjokk då han såg kva eg svarte på den første rekkja med spørsmål.

    SvarSlett
  2. Det tenkjer eg nok at han fekk ja. Du er ikkje kjend for å fara skånsamt fram.

    SvarSlett
  3. Ja dei er tidlegare ripsa på Husnes enn her.. Me har ikkje, men naboen har. Henning Olsen heiter Hennig Olsen, men god is har han, godt å ha i frysen.
    Turid

    SvarSlett