Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 14. desember 2010

Dette las eg i år

Eg sparar på pensjonen. Bøkene er så dyre, så det er sjeldan eg kjøper slikt. Eg melder meg inn i diverse bok- og bladklubbar, mottek dei gratiseksemplara som eg kan velgja meg ved innmeldinga, og mottek i tillegg ei velkomstgåve. Så avbestiller eg dei bøkene som er til sals for resten av abonnementsperioden. Eg må sjølvsagt passa nøye på at ikkje månadens bok hamnar i postkassa mi, men slikt er ikkje problem for ein pensjonist med god tid og mange passord bak øyra.
Velkomstgåvene utanom bøkene, er fine gåver. Berre dette året har eg motteke to sett med biffknivar, ein mp4-spelar, ein Fm-transmitter og ein handholdt gps-navigator.
Dei fleste bøkene eg les, betalar Kvinnherad kommune for. Eg reserverer dei på nettet og hentar dei på bilioteket når sms-meldinga derfrå seier at bøkene er ledige. Det har blitt til at eg brukar i aukande grad å reservera lydbøker om dei finns for det eg ønskjer å lesa. Det er jo slik at det første ein blir blind på ikkje er øyrene, men augene. Iallfall hos meg.
Historikken på biblioteksida mi," Mappa mi" som det heiter der i gården, viser at eg har jobba meg gjennom desse bøkene i år:

Roy Jacobsen:                Vidunderbarn
Karl Ove Knausgård:      Min Kamp 1
Karl Ove Knausgård:      Min Kamp 2
Karl Ove Knausgård:      Min Kamp 3
Karl Ove Knausgård:      Min Kamp 4
Karl Ove Knausgård:      Min Kamp 5
Lars Saabye Christensen: Maskeblomstfamilien
Gunnar Staalesen:          Vi skal arve vinden
Lars Saabye Cristensen: Visning
Karin Brunk Holmqvist: Potensgiverne (der eg førebels berre er klar for start)


1 kommentar:

  1. Denne om potens høyrest interessant ut. Heldigvis følgjer det med ei angremelding viss eg gløymer avbestilling. Hin dagen kom det ei feit kokebok av Andreas Viestad som eg trudde eg hadde avbestilt. Nei, den vil me ha, sa Anne. Kva skal eg då med angreskjemaet?

    SvarSlett