Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 16. november 2010

Kjøken i nytt lys

Lysarmatur med lysstoffrøyr har lyst meg opp på kjøken i over 30 år. Den gode gamle typen med to 36 W røyr og tilhøyrande tennarar, har vore ei framifrå lyskjelde. Den har gjort meg kapabel til å skilja mellom sukker og salt,  kanel og peppar, morgenkoppar og ettermiddagskoppar, og  mellom ven og fiende på mørke morgonar og i skumle kveldstimar. Eg har lært meg å bli glad i dette takarmaturet som har gitt meg så mykje lys for ein billeg penge. Om eg berre skifta røyr og tennarar år om anna, og plukka ut dei daue flogene som enda livet sitt i lysande glede mellom deksel og lysrøyr, så fungerte dette godt. Ja etter mi meining då.
Men etter som åra har gått, og nye tider har kome, er dette lyset blitt eit stridseple i heimen. Det bråkar, seier kona. Det durar. Nei, eg høyrer ingenting, seier eg. Då har du defekter i det indre øyra, seier ho. Om ikkje skuldast det nevrale forhold. Ho har kursa seg mykje kona, og tydlegvis plukka opp eindel medisinske uttrykk.
Eg kjem til kort. Eg reiv ned taklampa idag, for å setja opp eit av desse moderne spotlysa med halogenpærer, som kan vriast i alle himmelretningar. Kjøpt med medlemsrabatt på OBS i Haugesund.
Men akk. Det var ikkje så enkelt. Taket må malast før ny lampe kjem på plass. Ikkje berre eit strøk, men to. Og så kan eg like godt rulla over gangtaket når eg først er igang. Og så er det vinduskarmane på kjøken då, og så, og så...
Det blir ei tøff før-adventstid. Takka meg til å vera avløysar på Karmøynå. Då kunne eg rusla ein tur ned i fjosen, når det drog seg til inne.





knyttet til defekter i det indre øret eller nevrale forhold

2 kommentarer:

  1. Spotpærene er noko dritt, stel mykje straum no i monstermasttidene, er brennheite viss du er borti og flytter dei, og gir ikkje skikkeleg jamt lys i heile rommet. Riv dei ned og set opp røyr. Så kan du måle taket ein gong til

    SvarSlett
  2. Ein vettug kommentar, etter mitt vett.

    SvarSlett