Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 23. desember 2010

God Jul

Me førebur oss som du ser her, men tjuvstarting på jula er det ikkje snakk om hos oss. Me er strenge på slikt.  I alle dei åra eg kan hugsa, har me vore nøye med  det. Me blei opplærde slik på 40-50-talet. Ikkje snakk om å dela ut førjulspresangar eller å spretta juleskinka før jula var der på skikkeleg. Slik var det på Jesu tid og. Profetane hadde annonsert denne fødsel i århundrer, men dei tre vise menn delte ikkje ut gåver før tida var inne for slikt. Korkje røkelse eller myrra. Det skulle tatt seg ut!
Me starta ikkje feiringa før klokka 17 den 24. desember. Sølvgutane song jula inn på NRK då. Mor mi tende alle lys,  og far min kom inn frå eit tidleg fjøsstell. Me ungane hadde vore tvangslagde i nystappa halmsenger, for å sova i nokre timar før dette. Då skulle me  klara oss lenger utover julekvelden, sa dei vaksne. Me sovna aldri då, men skjøna jo litt etterkvart at det også var for at mor mi trengte litt tid for seg sjølv i juleførebuingane. Ikkje å undra seg over eigentleg. Det vart nok eindel tøffe tak før englane dala ned i skjul. Og når me kom ned loftstrappa med kvit skjorte,  slips og anna finstas, var juletorsken alt i gryta, appelsinene og dei heimeavla nøttene på  bordet og ingen krok var mørk.
Me førde denne tradisjonen vidare i eigen familie, når me sjølve blei vaksne og fekk ungar. Ei etablert sanning som det aldri vart stilt kritiske spørsmål ved. Ingen julemat på bordet før Sølvgutane hadde gitt løyve til det. Men akk, tida går og nye tider kjem. Når ungane våre kom seg ut i verda, fanga dei opp nye trendar. Me ante ingen ting om forfallet, før det som lyn frå himmel med eit vart gjort kjend  at fleire var fallen i synda. Det kom vedkjenningar frå fleire kanter at både pinnekjøt, ribba og sylta ikkje berre var prøvesmakt, men hadde vore på bordet fleire gonger lenge før jul. Det vart og sagt at ”alle gjorde slik”, liksom for å blidgjera oss.
Men sjølve held me stand. Noko førjulsbesøk i håp om å få prøvesmaka på godsakene,  har vore til fånyttes hos oss. Den skap- og  fryseboksansvarlege er streng. Det er vel difor at folket strøymer til i hopetal i  romjula og ved nyttår. Dei veit at på Husnes er det framleis att av julegodtene.  Hos oss varer nemleg julebaksten heilt til påskeferien, og me har ribbe med oss på hytta til påskeafta. Slik får me ei effektiv resursutnytting i både gode og vonde dagar.
Idag, vetle julafta, er eg så glad for at det berre er ein dag att til alt dette gode skjer.  Den gleda  eg kjenner ved dette,  vonar eg  fyller hugen din og kjære blogglesar. God jul til deg.

1 kommentar:

  1. Dette er rørande lesnad. Me ønskjer dykk alle ei gledeleg julehelg og eit godt nytt år med julegodt som varer til påske! Helsing Anne og Reidar i Valo

    SvarSlett