Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 16. desember 2010

Observasjon og tolking rundar år

Kalenderen min syner at eg har blogga på denne sida i eit år idag. Eg er usikker på kvifor eg starta denne hobbyen. Kanskje eg sakna å bruka pc-en til noko anna enn berre å flaksa rundt på nettet. Eg hadde jo i fjor vore heiltidspensjonist i drøye to år, og trongen til å produsera eit eller anna vakna til live att. Ikkje det at eg produserte så mykje dei 33 åra eg veiva rundt kateteret, men eg hadde alltid mellom øktene hatt ei roleg stund for meg sjølv for å summera opp, og planlegga neste undervisningsdag. Førebuing, kalla me det. Eller ofte berre buing.
Det å setja seg ned med eigne tankar, la dei driva gjennom siste dagars hendingar, assosiera, setja ord på  refleksjonar og få ha hovudet mitt heilt for meg sjølv, var kanskje det eg oppsøkte når eg starta med bloggskrivinga. I tillegg ville eg gøyma meg vekk når husreigjeringa herja som verst.
Det har blitt 164 innlegg sidan eg starta. Rundt rekna er dette 164 A4 sider. I høve til Knausgård sin produksjon på 3000 sider i løpet av 2,5 år, er dette småtteri. Men Karl Ove har jo både skrivestove og blottarlyst. Hos han, berre renn det meste ut av seg sjølv. Eg må  pressa orda fram, og hjelpa meg både med nynorsk ordliste og med Wikipedia. Knausgård seier at siste åras produksjon, "Min Kamp", er livsverket hans. Han trengde å skriva dette i eit forsøk på å finna ut kva han har vore med på hittil i livet, og korleis det har bygd/øydelagd sjela hans. For eigen del har eg ikkje slike ambisjonar med skrivinga. Men ein viss terapi ligg det nok i den.
At folk les bloggen min er kjekt, men underordna. Innlegga veks fram som ein konsekvens av at eg ønskjer å halda hovudet over vatnet. Ønskjer å fordriva demensteikna. Og når eit innlegg er ferdig, får eg ein slags kjensle av at no er eg klar til å møta ein ny dag. Eg er på ein måte budd. Nett som i jobben. Når førebuinga var ferdig, møtte eg i klasserommet og såg sanninga beint inn i auget. Oppreist, stødig og glad.
Men ein seier jo at augene er det første ein blir blind på så kanskje eg såg syner, og at det heile berre var hallusinasjonar. Det gjer ingen skildnad for meg. Livsløgn er oftast eit betre fundament enn all livsens sanning.

1 kommentar:

  1. Til lukke med jubileet. Håpar du held minst eit år til.

    SvarSlett