Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 5. januar 2010

Nesten attende til normalen

Me har pakka julepynten ned att i eskene, og bore dei på loftet. Der skal dei liggja og støva ned til neste jul. For jula gir seg aldri, har eg skjøna. Like årviss som persesylta, kjem jula.

I år kombinerte me avpyntinga med pass av barnebarn. Ei stor oppleving for slike små å vera med på ei slik destruktiv adferd. Å kjenna på juletrepynten og riva han av treet, noko som har vore ulovleg i to veker, blei nå med eitt lovleg. Nok ei uforståeleg avgjerd som dei voksne tek, sett gjennom småbarnsauge. Forundringa toppa seg då morfar tok det nakne treet og kasta det ut gjennom altandøra med ei slik kraft at det fauk over altanrekkverket og ut i det ukjende. Der ligg snøen så høg, at treet nok må overvintra og gravast fram ein gong til våren.

Så nå er huset attende til normalen, nesten.
Det er jo alltid julepynt som dukkar opp rundt om i krokar og krør etter kvart. Pynt som auga har vendt seg til, slik at ein ikkje ser det eller tenkjer på det som "julete". Det er slikt som ofte blir hengande vidare i månadvis, avdi det blir for mykje arbeid å klatra ein gang til opp på julepyntlageret som hos oss ligg over vaskeromstaket.
Ei anna utfordring, før huset er normalt igjen, er å finna att kor ein la dei kvardagslege pyntetinga. Borddukar, hyllekrimskrams, kjøkengardiner og barnebilete. Mykje av dette dukkar aldri oppatt. Det er eit mysterium i heimen, og er like årvisst som nissen.
Ting som kan dukka oppatt, rett nok lenge etter jul, er godt gøymde julepakkar som eg har lagt på garasjeloftet avdi ingen skulle få nyssa, og deler av melkelageret som eg og plasserte i garasjen avdi kjøleskapet var for fullt. Ved påsketider luktar sjeldan denne melka godt.

Så hos oss er alt ved det same.

2 kommentarer:

  1. Hei!

    Det med juletrenedlegging har nok vore sterke inntrykk for dei små tvillingane. I dag har dei nemleg leika at dei har tatt ned pynt av tre og avslutta det heile med å kaste eit fiktivt juletre ut altandøra..

    Frode

    SvarSlett
  2. Au då. Det må ha vore sterke scenar. Vonar dei får leika det ut av hovudet,slik at ingen traumer får festa seg

    SvarSlett