Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 27. januar 2010

I bil til Hua Hin

Bror min har ein Toyota Camry. Ein Thai modell, der alt er snudd om frå høgre mot venstre. Den kan eg disponera bortimot fritt, seier bror min. Eg tok ein prøvetur for nokre dagar sidan og fann ut at om eg køyrde på venstre side av vegen, glei eg best inn i det trafikkale mønster som elles finns på vegane her. Ein opplever rett nok at ikkje alle turistar er fanatiske venstrekøyrarar, og mopedane som myldrar omkring, køyrer ofte på den sida det er mest framkomleg eller minst sol.
Mopedane finns i alle modellar, frå skinande blanke med dragehovud, til skeive og skakke med påsveisa sidevogner og tillhengarar. Men dei har ein ting felles: Aldri ein moped utan ein skokk med folk skrevande over ramma eller klamrande seg fast i påsveiste tilbygg.
I går drista eg meg inn i tjukkaste bysentrum. Eg fann stor glede i at det hang ein navigator på frontruta og at bilen har sensorar i kvart hjørne. Trafikken var tett, gatene smale, thaiane modige og eg litt stressa. Pippip pippip sa det i bilen når mopedane klinte seg så nær Toyotaen at sensorane syns det kunne vera nok. "Take a left turn", skreik kvinnemennesket i navigatoren på frontruta. "Pass opp, du er for langt til venstre her", supplerte Svanhild frå mi venstre side i førarsete. Eg auka speeden på A/C vifta. Den er kraftig, gir godt med kaldluft og gjer det nesten umogleg å høyre kva passasjerane seier.
Me parkerer. Eg plukkar fram ein ny navigator frå reiseveska og lagar merke på det elektroniske kartet i den. Må jo finna att bilen, tenkjer eg.
"ตัดเสื้อ", seier ein thai som putselig poppar opp ved sida av meg. "Nei det går greit", seier eg. Men han gir seg ikkje. "Need new suit?", seier han. "Not need", seier eg og går.
Eg vart etterkvart ein dugande sjåfør. Svært nøgd var eg på heimturen. Då starta ikkje lenger vindusviskarane kvar gong eg meinte å tenna blinklyset. Det kan bli fleire turar etter dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar