Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 8. januar 2010

Jubilanten


75 år hadde Elvis vore idag om han hadde levd. Tvillingbror hans og. Men han var jo dødfødt, og hadde såleis eit handikap heilt frå starten. For meg betydde difor Elvis mest.
Tronge kår,indianerbestemor, sterke bånd til mora og nær tilknyting til kristelege miljø. Mange i min familie kunne identifisera seg med ein med slik bakgrunn. Me kjende oss i slekt med Elvis og syns me likna på han. Personleg var eg ein av dei store brylkremkonsumentane på Haugalandet i slutten av 1950-talet. Og eg var trygg på at ingen kunne matcha min sleik då. Ja ingen utaom Elvis sjølvsagt.
Også idag insistrer eg på at Rema 1000 skal ha denne mirakelkremen i sitt varesortiment. Eg har berre delvis møtt forståing for det. Men brylkremen har eg likevel framleis i toalettskapet, og brukar han ved festlege og høgtidlege høve.
Eg likte "Love Me Tender" best. Den hadde eit tempo som gjorde det mogleg for meg å følgja med på akkordane på gitaren. Dessutan var han nydeleg å dansa etter. Den gav ein sjanse til å koma nærare jenta enn tilrådleg var.
Og så var det "Don't Be Cruel". Då var det å hamra laus med plektaren på gitaren. Takt og tempo var viktegare enn å treffa rette akkordane. Og så kunne ein svinga jenta raskare og tøffare etter den enn etter dei fleste. Juss så me rocka då. "We where the Rock & Roll Kids" som Harrington & McGettigan sang i 1994. Det var om oss dei sang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar