Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 15. januar 2010

Eit måltid og ein refleksjon

Det var gildt idag. Me hadde lunchbesøk av våre næraste omgangsvener. Dei fleste er for pensjonistar å rekne. Me unnatak av Anne og Reidar (som ennå er yrkesaktiv), kom alle vi andre samstundes til Husnes. Anne og Reidar kom eit år før oss andre. Dei er ofte tidleg ute. Det var i 1973. Så idag var det veterantreff her. Seks av oss har gjort vårt for å utdanna og oppseda kvinnheringar frå tidleg 70 tal til mange år ut i dette årtusenet. Dei to andre har gjort sitt innan psykiatri og tannhelse. Me var del av den harde kjernen i oppbygginga av vidaregåande utdanning i Kvinnherad. Klart me har vore normleverandørar. Me var pedagogar, fagfolk, trøystarar, refsarar, problemløysarar, vener, drittsekkar og mykje, mykje meir. Tusenvis av kvinnheringar mellom 16 og 55 år kan stadfesta dette.
Me kom til ei bygd som var i støypeskeia, men grunnlaget for mangt var på plass. Aluminiumsfabrikkken var godt igang, og klasseskiljet etablert. Alt etter sveitsisk mal. Slik ville dei ha det dei sveitsiske eigarane av fabrikken. Kvar hadde sin plass i lokalsamfunnet, også geografisk. Me lærarfamiliane vart plasserte ein stad mellom dei på toppen og dei på golvet. Me kom til å bu nær kvarandre, og utvikla eit venskap og eit fellesskap som har helde seg til nå. Eg kan tenkja meg at det vil vara livet ut.
Men me var eit anna slags folkeferd, enn dei andre i bygda. Det stod respekt eller kva det nå var, av oss. Kva veit eg. Kanskje me blei oppfatta som arrogante? Dei andre jobba på Søral og omgjekk nødig med lærarar. Om nokon gjorde det, trudde dei at dei "var noko". Slikt passa ein seg for. Difor blei det oss, lærarfamiliane som heldt saman i vår mangel på kontakt med andre folk. Ja bortsett frå når med stod bak kateteret. Då messa me kvar med vårt nebb og kvar med sin bodskap.
Me var ein ungdomsgjeng. Mange av oss med same slag bakgrunn. Av bonde eller arbeidarslekt. Første generasjon utdanna ungdom frå kvar våre familiar. Frå landsens miljø der indremisjon og ungdomshus, altervin og himalaga øl hadde sett sine spor. Sekstiåtterar. Bakgrunn i stundentmiljø i Bergen, men og i Oslo. Frilyndte og med nedarva staheit, stoltheit og kverulerande trekk.
Flotte folk å dela livet sitt med, for dei har og empati, omsorg og humor.
Me hadde ein lang og god lunch idag. Den gav næring til kropp og sjel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar