Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 12. januar 2010

Mine planar for midtvinterblotet

Me skriv 12. januar. Skjønt skriva datoen er noko eg sjeldan gjer lenger. Eg hakar han av på rullegardinmenyar, eller kryssar han av på digitale kalenderar. Likevel, det er dagen midt mellom første vinterdagen (14. oktober) og første sommardagen (14. april) etter gammal reknemåte. Midtvinterdagen 12 . januar. Dagen som primstaven symboliserte med prikkar, altså snø.

I Wikipedia les eg:
"Midtvinterdagen er altså dagen da våre hedenske norrøne forfedre feiret jul, som således altså var synonym med midtvinter, da landet var på det kaldeste, og altså ikke ved vintersolverv, slik mange har trodd. Dagen regnes også som en av årets 32 farlige dager. Det var svært viktig at man først kledde på seg på høyre side denne morgenen, da det ville bringe lykke. Og ulykke om man begynte å kle seg på venstre side".

Sjansane mine for å få eit lykkeleg år, er eg usikker på etter dette. Eg kledde på meg i ein tilstand då eg knapt visste skildnad på høgre og venstre. Eg reknar med at klærne kom på som vanleg. Det føregår sitjande på sengekanten der eg prøver å styra begge beina inn i buksa samstundet, leita etter linninga og dra til. Stundom lukkast det. Eg trur høgre og venstre sida kom uavgjort ut av denne dragkampen.

Utover dagen har eg vakna til litt etter kvart, og kjenner på meg at eg må følgja opp gamle nordiske skikkar. Trur nok det må bli eit midtvinterblot i kveld. Eg har framleis nokre øl ståande i kjellaren og ein blodig biff i frysaren. Så kveikjer eg meg eit par faklar og plasserer i ei snøfonn godt synleg frå stoveglaset.
Sjølv sit eg inne med min Frøya, populært kalt frue eller var det herskerinne. Hugsar ikkje heilt kva Snorre meinte om det.
Eg trur det er tryggast inne på denne farlege dagen. Men om Frøya tyder herskerinne, veit ein jo ikkje.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar