Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 6. januar 2010

Venta og uventa gjester

Det ringde på dørklokka i kveld. Ikkje heilt uventa på 13. dag jul her i grenda. Særleg ikkje når ein er morfar til fire. På kjøken låg sirleg innpakka julegodtposar klare, og fotoapparatet låg på bordet med ON-knappen aktivert.  Så er det å skunda seg ned, men ikkje opna døra før begge dei minste har fått ringt på. Det er deira teknologiske meistringsnivå, og dei blir skuffa om dei blir avskårne frå å få visa at dei begge klarer det.

Så når det kjem to ring, veit eg det er dei. Eg har fått det for meg at eg kommuniserer best med små barn om mitt hovud er i høgd med deira hovud. Så når eg høyrer dei omtala to ringa, sit eg meg alltid ned på huk før eg opnar utgangsdøra. Slik også den gongen her like før jul. Då sat eg på huk, opna døra og såg rett inn i skrevet på ein fullvaksen mann. Han blei svært forfjamsa. men fekk stotra fram at at han kom frå kommunen og skulle måla opp eigedomen som grunnlag for eigedomsskatten. "Ja det er for å sleppa den eg knelar for deg", tenkte eg eg burde seia. Men eg fekk ikkje fram så mykje i den høgst pinlege situasjonen.

Julebukkane i kveld var gildare å forhalda seg til. Dei fekk jo også av mine oppsparte resurser, men gjorde seg fortente til dei. 

Kommunemannen song ikkje "På låven sitter nissen" til meg. Ikkje gav han meg klem heller. Så ikkje kan eg sjå at kommunen har gjort seg fortent til noko som helst. Iallfall ikkje til eigedomsskatt. Men han stod på sitt, sjølv om eg knela for han.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar