Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 11. januar 2010

Uslipne diamantar

Eg har vore i barneselskap. Eg deltok i klassen publikum, igår. Det er på onsdag eg er gjest, for det er den verkelege dagen for Jacob sin 10 årsdag.
I går var det venene som var gjester. I det fantastiske vinterveret var dei inviterte til utebursdag. Medbragte ski eller akebrett var obligatorisk. Alt føregjekk ute. Akekonkurrander, skattejakt, pølseeting og opning av pakkar. Eit selskap etter Jacob sitt sinnelag. Han er ein "utegut", den karen.


Barn skal leika. Gjennom leiken førebur dei seg til det vaksne livet, og til meistring av utfordringar som kjem. Verkelegheita vår blir skapt av det me fokuserer på, og av måten me snakkar om dette på. Om ein fokuserer på positive aktivitetar alt som barn, aukar sjansen for å ha det godt med seg sjølv og andre i det vaksne liv. "Kvifor er du alltid så glad?" spurte eg Morten (barnebarn) når han var 11 år. "Fordi eg tenkjer positivt", sa guten. Han kunne kunsten, og er framleis ein leiken og glad vaksen gut.

Mange vaksne kunne leikt meir, Kva med ein aketur i ny og ne?
Faren er at om eg set meg på akebrettet her ute i gata, kjem akepolitiet og hentar meg.
Spring eg rundt med motorsag i kommuneskogen, tek skogpolitiet meg.
Syng eg for full hals frå altanen min, kjem edruskapspolitiet og testar meg.
Klatrar eg på taket med vener, må me gjera det om natta for ikkje å bli teken.
Det er så mange stengsel rundt omkring, og inne i hovudet kan stengslene vera som armerte panserveggar mot å leva livet og kjenna pulsen slå. Men eg har ei von om at dei eingong skal forvitra. Når eg blir gammal nok.

Eg har planen klar:
Vera observatør i fleire barneselskap og tilslutt kasta meg med i leiken. Hos desse uslipne diamantane finns der knapt med stengsel.
Det er reiskapen som kan vera med å bryta ned stengslene hos oss vaksne. Bli som barn igjen.

Det blir eg vel, om eg berre blir gammal nok.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar