Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 14. januar 2010

Nokre har det heit

Eg svettar idag. Det er vanskeleg å omstilla seg frå utetemperaturar rundt - 10 Celsius til fleire plussgrader. Inne fyrer eg som før, og det blir jo feil. Men korleis skal ein fyra med ved utan at det blir for varmt? Eg tenkjer brennverdi og brukar furu og gran istadenfor bøk og rogn. Det hjelper ikkje. Einaste skildnaden eg observerer er ei meir intens og uforståeleg knitring frå omnen. Termometeret i stova bryr seg ikkje om kva eg fyrer med. Eg kastar klærne. Plagg for plagg. Mest som i gamle dagar når eg deltok i klespoker. Men eg fann meir spenning i samspelet den gongen, enn nå med mi svarte, knitrande venninne.
Jammen er det ei påkjening å vera rik på ved. Eg skulle eigentleg skamma meg. Varme er ein knapp ressurs for mange nå. Dei frys, uteliggarane. Frys seg til døde om nettene. Nokre vaknar stiv av kulde, andre ligg stive utan å vakne.
Eg tenkjer på dei kvar gong eg hiv innpå ein ny gubbe. Skulle vel frose litt eg og i empatisk solidaritet. Men det hjelper ikkje dei som frys, har eg resonnert meg fram til. Eg får heller stikka innom Fretex med godpleidet mitt og nokre av dei lange unikkane.
Eg vil ha fred i hovudet mitt, eller godt samvit som ein kallar det. Meir rettferd rundt omkring. Fattigdomsfordriving kan gagna meg, ikkje avdi eg er fattig men avdi eg har trøbbel i empatisenteret.
Eg ventar på Regjeringa si tiltakspakke. Den vil vel virka?

Folk skulle sleppa å frysa. Eg og Jens veit vel knapt kva det er. Eg fyrer med ved og han med olje. Dei priviligerte sine metodar er mangslungne.
"Det er kaldt her idag", sa mannem til sin kollega. "Ja skal me hiva innpå ein gubbe til?", spurde den andre. Dei jobba på krematoriet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar