Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 2. januar 2010

Tidsstyring og kreativ tenking

Eggekokaren min er øydelagd. Han kokar, men gir ikkje pip frå seg når egga er ferdige. Difor varierar egginnhaldet hos oss frå det sleipe og slapsne til det harde og spretne. Før i tida koka vi egga i gryta. Også då kunne prosessen enda med uventa resultat. Eg minnest ei historie som ein ven av meg fortalde for mange år sidan.

Den gjekk slik:
Kona hans var komen først inn på kjøken om morgonen. Ho hadde sett over ei gryte med vatn og egg på komfyren. Venen min kom inn på kjøkenet og blei møtt med orda : "Kjære, elsk meg her på kjøken"
Dei elska på kjøkenbordet. "Du kunne ikkje motstå meg idag?", sa han. "Eggetimeren er øydelagt", sa ho.

"Korleis blei egga då?", spurde eg venen min. "Dei blei helst litt blaute", svara han.

Eg har vurdert metoden, men er redd egget kan bli i hardaste laget ..

3 kommentarer:

  1. Kanskje i røffaste laget, men nyttår og ny giv

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. og eg kom i tankar om eggekoking i nesten tusen meters høgd på Samlebu og dei problema ...orsak: utfordringane ... dette får for koketemperatur og tid. Men dei to fysikarane på turane ttaklar dette lett.

    SvarSlett