Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 9. januar 2010

Alt skal med

Eg har begynt å førebu meg til Thailand. Ikkje pakka ennå, men lagt fram ting som skal med. Dei med høgast prioritet: Leidningane mine, ladaren, batteria, ipoden, navigatoren, mobilen, fotoapparatet, Micro SD brikkene og USB-pennane. Dette må vera under kontroll. Og PC-en sjølvsagt. På den må det leggast inn filer og viktige bokmerke. Spotifyprogrammet og Voddlerprogrammet må eg og sjekka. Sameleis Skype og MSN. Korleis skal eg elles overleva. "Ka med solkrem"? seier Svanhild. Jo, men lenger nede på lista, meiner eg.
Eg har system på duppedittane mine. Alt ligg til dagleg sirleg i merka skuffer som det er høvlege smårom i. Det er ei grei sak å finna fram her.
I roteskuffa mi er det verre. Det er den skuffa som er ein slags aldersheim for pensjonert elektronikk. Der finn eg gamle fasttelefonar med og utan svarar, walkman, smalfilmkamera, VHS maskinar, tunerar og fleire meter leidning til koblinger eg ikkje hugsar, men ein gang betalte dyrt for.
I roteskuffa mi er det mangt og mykje eg ikkje har styr på. Eg har forresten fleire slike skuffer og baggar. Forsåvidt har eg og slike roteskuffer i hovudet. Mine mentale roteskuffer. Der er det trangt om plassen og vanskeleg å bli klok på innhaldet. Etter 33 år i skulen er det eit samansurium av namn og ansikt. Å rydda der er fåfengd. Eg var aldri sterk på slikt. Eg kan om eg vil, trøysta eg meg. Men det var nok ei løgn.
Men dei matematiske formlane og dei fysiske lovene, ligg framleis greit ordna i kvar sine skuffer. Der er ingen ennå utgått på dato, trur eg. Eller er dei det? Samma huen. Der vil eg ikkje rydda.
Eg har funne fram koffertane. "Får du plass til dette då"?, spør Svanhild. Ja eg må jo det. "Tenk på vekta då", seier ho. Ja vekta ja. Bagasjevekta mi. Den må eg sjølvsagt ha med, og universalstøpselet og kamerastativet og -. "Roa deg nå", seier ho. "La oss heller ta ein raudvin, det er jo laurdagskveld". Eg lar meg overtala, og skjenkjer i. "Ka ska du ha med"?, spør eg. "Skål", seier ho. "Du treng ferie"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar