Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
søndag 9. desember 2012
God Jul til allverden
fredag 28. september 2012
Arrivederci Pisa
torsdag 16. august 2012
Hårde tider har vi døyet
Difor er det at eg har slite meg gjennom dei siste månadene på jakt etter dette solbilete som unntaksvis er å finna på yr.no, storm.no, nrk, tv2 og alle andre stader, unntatt på himmelen over meg. Eg har investert i partytelt og markiser, ikkje for å skugga for sola, men for å stundom kunna sitje ute utan regnkler. La gå at eg har brukt fleece og infraraud terrasseomn, lange unikkar og pledd. Sommaren er jo ei tid for å vera ute. Det fekk eg inn både med mors- og kumelka.
Nå er eg glad for at denne sommaren går mot slutten. Sjølv me ei aning varme nokre dagar heil på tampen, har han metorologisk sett vore ein trulaus ven i år. Nå gler eg meg til hausten. Då skal pensjonistane igjen fylla flyseta og ribba apotekhyllene for solkrem, idoform og imodium før avreise. Nokon svergar til ei Gamel Dansk i sekken, andre til eit par Fernet Branca. Folk er så ulike, men alle er vi glade for at desse hårde tidene nå er over.
tirsdag 31. juli 2012
Koffor det
Den takla eg greitt, tenkjer eg. "Koffor har farmor Ipad då?", spør ho overrumplande.
"Fordi ho elska Steve Jobs", seier eg. "Elska ikkje farmor deg da?", spør Kristina. Nå begynnar eg å svette. Eg har køyrd meg fast, og sit i gjørme til langt over akslingane. Skal eg ut herfrå, blir det berre å stå å spinna.
Men Kristina er attende til spelet på Ipaden sin. Ho er nøgd med slik samtalen gjekk, og har avslutta den.
Vår yngste sonedotter frå Stange har altså vore på aleineferie hos oss i ei dryg veke. Ei fantastisk oppleving, der eg heile tida må vera mentalt budd på å parere dei største og dei minste spørsmål på strak arm. Ingen førebuingstid, ingen pardong om ein prøver å gi svar som ikkje held for ein 6 åring si kritisk, vurderande innstilling.
Ungar skal ein ta på alvor. Dei er så ærlige, og har så høg kompetanse om eigen verklighet. Ved å lytta oppmerksomt bidreg me vaksne til å auka sjølvkjensla hos dei små, og kanskje også til å auke eiga innsikt. For meg er det viktig å avsanna myter som vaksne pleier å planta i skjøre barnesinn.
Ein kveld framføre barnetv-skjermen, sa Kristina: "Eg må ikkje sitta så nær Tv-skjermen, for då kan eg få firkanta auger", sant farfar. Ho vil utprøve ærligheten min, tenkjer eg. "Nei", seier eg, "det er berre noko dei vaksne seier til barna sine. Det er berre tull". Kristina ser skeptisk på meg. "Jo, det har mamma sagt til meg, og då er det sant". Ho har plassert meg i eit moralsk dilemma. Eg kan halde fast på at mange vaksne snakkar tull, eller styrkje barnet si oppfatning av mor si som den sanne og trygge forankringa i livet. Mens eg framleis funderer på korleis eg skal komme ut av denne gjørma, tek Kristina ordet igjen. Idet ho riksar på dei 4 lause melketennene sine, seier ho: "Tannfeen vil eg iallfall tru på, for den har pappa og fortald om". Ho riksar intenst på den lausaste tanna og flirer. Men bak fliren anar eg ei jente som har ein realistisk men kanskje og noko pragmatisk haldning til dei vaksne si verd. Ei som shoppar det beste frå to verdenar, sin eigen og dei vaksne sin.
Og så elskar ho Steve Jobs sin verden og.
torsdag 12. juli 2012
Agurktid
Men kombinasjonen agurk og brunsnegel er ikkje god. Særleg når agurkene er små og veike, vert det ein ulike kamp. Agurkplanta har lite å stilla opp med når denne mordarsnegel bit frå seg. Såleis mista eg det meste av agurkplantene mine like etter fødselen i mai. Det vart ein tidleg krybbedød for dei.
Noko måtte gjerast. Etter over 30 år med mellom anna agurkdyrking i drivhuset, ville eg ikkje gi meg lett. Eg ville stå opp og kjempa for agurkene mine. Mange åtgjerder vart vurdert, alt frå overnatting i drivhuset for å yta heilkontinuerlig vern og omsorg, til å byggja sneglesikker vogge til dei unge hjelpelause. For det er i oppveksten dei er mest utsatt for farer.
Løysinga vart ei slags vogge. Eg kappa høvleg stykke av eit vatnrennerøyr og la to strimler med silicon i eine enden. Desse dynka eg då med vanleg koksalt slik at når siliconen var stivna dagen etterpå, sat der to sjosalte ringar øvst på røyrenden. Så planta eg nye babyagurker og tredde ringane over plantene og godt ned i jorda.
Snegelen hatar meg for dette trikset. Han kan ikkje fordra salt, og eg har fått ein uven for livet. Men agurkene jublar og stekkjer seg i glede utan ei skråme korkje på kropp eller sjel.
Så nå ser eg fram til ei frodig agurktid...
mandag 4. juni 2012
CHIKKELAKKE,CHIKKELAKKE!!
Det piska regn på ruta då eg stod opp. Hadde eg ikkje hatt avtale med far min om å låna Folkevognkassen til byen, trur eg turen hadde gått attende til senga. Men eg kom meg ut, og starta på innsamlingsturen rundt i byen. Det var plass til mange i Folkevognbussen. Ein heil gjeng vart samla opp frå eit telt oppslått på gymnasplenen. Dei hadde overnatta der, og var blaute i klærne og fuktige i hovudet.
Laurdag den 2. juni 2012 traff eg gjengen igjen. 25 år etter 25års jubileet, vart det eit rendezvous som også blei ein test på reduksjonen av mine kognitive funksjonar. "Eg er Jon," sa ein tilårskommen gubbe som eg kunne sverga på aldri å ha sett før. "Javel, Gunnar her," sa eg. Men så lett slapp eg ikkje unna. Fyren ville vita om eg hugsa han, og kva etternamnet hans var. For i 1962 kalla vi alle kvarandre berre med etternamn. Eg skjøna snart at skulle eg komme ut av dette med litt ære i behald, måtte eg skaffa meg den same jukselappen som alle andre bar på i smug. Ei klasseliste frå gamle dagar.
Russestyret hadde hatt fleire møte, og opplegget var strålande. Klokka 12 på Bakarøynå med omvisning og sildabord hos Kyvik. Eg lurte fram ein boks Hansa, sidan opplegget var slik at dei som ønskte det, måtte ha drikke med. "Har du ikkje anna enn øl med," vart eg spurd. Professoren i Nordisk på eine sida av meg, og kirurgen som framleis skar i folk på Rikshospitalet, flirde og rista på hovudet. "Til sild må ein ha akevitt," sa kirurgen. "Ja og Brennivin," sa den nordiske. "Då treng eg jo 2 snapsglas," sa eg. Og det fekk eg.
Klokka 16 var eg i seng på hotellet. Gamle folk treng kvile midt på dagen.
I 1962 hadde vi den såkalla Grisefesten på Odd Fellow i Hagesund. Der skulle og jubileumsmiddagen serverast. Eg stilte frisk og opplagt til bordsetet, med nypugga deltakarliste inni hovudet, og brylkrem på utsida. Nå gjaldt det å plassera seg strategisk, og unngå ekstremitetane.
PS: Fleire kunne ikkje få gitt hotellet nok godord. Særleg sørvisen var framifrå, ettersom fleire våkna om morgonen påkledd og klar, om enn ubarbert...
torsdag 24. mai 2012
På flyplassen
Eg er tidleg på flyplassen. 3,5 timar før avgang. Umogleg å vite korleis trafikken er ut hit, særleg når eg har bussa frå Salem idag. Trafikken var heftig, men me rulla nokolunde jamnt. Når me nådde flyplassen, hadde bussen trilla ialt 2900 km på desse 14 dagane. Det har gitt meg ei flat rumpe og ein rund mage. Eg må nok legga meg i trening når eg kjem heim, om eg skal få opparbeid sprettrumpa mi igjen. Det er jo det som er inn nå, har eg skjøna.
Gaten til Icelandair er stengd, sikkert i fleire timar ennå. Mannfolka sit og sløvar på benkene, men kvinnene vandrar. Kvilelaust omkring fer dei frå dutyfree til dutyfree. Dei som ikkje har dollar att, ransakar mannen sine lommar. "Kor har du pengane", spør ho. "Nei sei det", seier han. "Finn dei fram", seier ho. "Utan penger er du ingenting verd". Han gir opp, og gir frå seg både pengar og kort.
Icelandair flyg meg til Bergen via Reykjavik. Dei gir meg lov til å sjekka inn to koffertar a 23 kg pr person + 10 kg i håndbagasjen. Dette gir dei det konkurransefortrinnet dei treng, for å klara seg greitt i desse harde tider i lufta. Og så slepp dei ut ei askesky innimellom, noko som set mange konkurrentar på bakken. Men dei er knipne med maten og drykken. Alt må betalast for, noko eg ikkje er van med på andre interkontinentale ruter drivne av andre selskap. Men slik er det vel på Island. Smått med mat og drykk på det forblåste landet.
Det er ei nattflyging eg skal på. Startar kl 21.30 lokal tid og landar i Bergen 12.30 i morgon norsk tid. Då er den biologiske klokka mi, som har stilt seg inn etter amerikansk tid, berre 06.30. Så det blir ein lang torsdag. Eg kallar han langtorsdagen mai 2012. Eg er jo heller ikkje heime når eg kjem til Bergen. Då har eg mest som ei amerikareise att, før eg rekk Husnes.
Trøysta får vera at reisetida for dei fyrste emigrantane som kom med "Mayflower" i 1620, var nokre månader lenger. Så det har jo blitt betre med åra.
tirsdag 22. mai 2012
Ein grå dag i ein liten stat i USA
I New Port er det kaksane som har sine sommarbustader. Dei kallar det hyttene sine, men dei fleste konkurrerer med Harald sin kåk på Karl Johan. Men storhetstida her var nok på midten av 1800-talet. Mange formuer er smuldra vekk nå. Me var innom eit herskapshus for å hjelpa dei litt med pengar til vedlikehaldet. Det syns dei var fine greier.
Kva lever folk av i Norway, blir eg ofte spurd om, spesielt ved bardiskane. We are moving money, seier eg. Og så driv me litt med laks og olje. Norway, the promised land, seier dei, og bartenderen skjenkjer meg eit nytt glas. Han har fått auge på Norwegian kortet mitt.
Kennedy og Jaquelin vart gifte her i Mariakyrkja i New Port. Det syns alle på bussen var stas å få sjå, og der gjekk eit sukk mellom benkeradene då bussen senka farten utanfor kyrkja. Ta bilete her, sa guiden. Og me knipsa. Men eg fekk berre med meg regndråpane som rann ned langs bussvindauga. Ei sørgjeleg hending.
Nå er det heim til hotellet. Det skal pakkast i kveld for i morgon dreg vi heim. Litt sørgjeleg det og. For det har vore mange flotte stunder her.
Hummar på Cape Cod
Cape Cod og båttur. Hummar middag. Smikke. Kvinnekelneren instruerer og flørtar. Eg let meg instruere. Kvitvin. Chardonnay. Kombinasjonen tek pusten frå meg. Eg livnar opp til eit nytt liv.
Eg såg alle indianarane i dag. Dei inviterte meg inn i hyttene sine. Where do you eat, where do you sleep, where do you work, spurde eg kvinnene. Right her, sa dei. Where do you fuck, spurde eg. Non of your buisness, sa dei.
J.F.K og heile familien hans har feriehusa sine her på Cape Cod. Eg tok ein båttur ut dit. Look and look, sa skipperen. Fantastic, sa eg. You must be proud, sa eg og. We are, sa han.
Eg tigga 17 lobstersmikker med meg frå hummarrestauranten når eg gjekk. Familyreunion, sa eg.
Så nå er eg budd for familietreffet på Husnes i juni. Berre hummaren gjenstår. Eg vonar nokon fiksar de. Kona har lova å sørga for kvitvinen,
Så det ordnar seg...
lørdag 19. mai 2012
Facing North
Å vera av norsk avstamming i USA, er stas. Norske turistar er også kjekt for amerikanarane å helsa på og heia til. På 17. mai var det enkelt på restaurantar å bli påspandert, om ein bar dei norske fargane.
Kona og eg tråla Times Square og Fifth Avenu i går. Me var ikkje aleine. Me var i Kina i november. Der var fleire folk. Men der var dei kineserar. I New York er det alle mulige typar folkeslag. Alt frå lndianarane som heng øvst i skyskraparane på byggearbeid eller vindusvask, til dei som ligg lågast i rennesteinen gjerne frå Sør Amerika eller Afrika.Men det er ikkje dei som dominerer bybilete. Det gjer dei som trippar gatelangs for å sjå og ikkje minst for å bli sett.
Etter 3 travle dagar i New York dreg me altså mot nord. Eg gleder meg til å sjå Boston igjen. Eg jobba der i to periodar rundt 1970. Kjernefysikk på MIT var noko av det gjevaste ein kunne driva med på den tida. Iallfall for meg. Nå er eg pensjonist og syns det er gjevt. Alt har si tid.
fredag 18. mai 2012
Dagen derpå
Det blei seint i går. Slik skal det jo vera på ein 17. mai. Opplevingane stod i kø heile dagen. Eg så Upper Manhatten der rikingane og kjendisane bur. Særleg mange observerte eg utan for rettsbyningen i Harlem. Kjendisar på rekke og rad inn og ut frå sine tvistemål.
Eg vandra i Central Park. Eg avslørte kona idet ho hadde sett seg i fanget til H. C. Andersen. Der sat ho saman med den stygge andungen.
Eg var i FN og fekk vite at det norske håndflagget var å sjå på som eit mogleg våpen i sikkerhetskontrollen. Eg fotograferte alle generalsekretærane som hang i glas og ramme. Tryggve Lie knipsa eg to ganger. Eg såg rommet Norge har spandert, sikkerhetsrådet sitt, og eg var nær ved å gå på talarstolen i hovedforsamlinga sitt møterom. Eg meinte å ha noko viktig å seie, men nei. Slapp ikkje til på talarstolen.
Eg gjekk til Sjømannskjerka. Der var alle norske kvinner og menn denne dagen. Ei vakker studine klappa meg på kinnet. "Hei Gunnar", sa ho. Eg gav henne ein god klem, og ønskte henne lukke til med vidare veterinærstudier i California og i Norge. "Hadde ikkje du gitt meg berre 4 i matematikk, så kunne eg vore ferdigstudert sist jul, " sa ho.
"Gratulerer med dagen", sa eg.
Mamma Mia svingte seg på Broadway. Eg trampa takten og klappa dakapo. Utanfor, på Times Square, blenkte reklamelysa slik dei skal gjera der. Folk myldra. New York søv aldri, iallfall i følgje Frank Sinatra.
På veg heimatt til hotellet kolliderte bussen. Det vart for trangt i New York gatene for oss. I tillegg var vi rusa, så ein kunne ikkje forventa anna. Men politiet ordna opp. Det vart ei sein og hard natt.
Eg skriv blogg idag. I bussen på veg inn til byen. Skal til Frihetsgudinna og Ellis Island. Me snirklar. Trafikken her i byen er hakket verre enn på Husnes. Vonar eg rekk båten som skal føra meg til gudinna.
tirsdag 15. mai 2012
Philadelphia downtown.
Det regnar i Philadelphia. Ikkje kvar dag, men diverre i dag. Når guiden jagar oss ut av bussen for byvandring, hyljar det ned. Me, som trudde sola alltid skein i Pennsylvania, fekk det vått heilt inn til skinnet. Kona som betalte middagen i går kveld blandt anna med paraplyen sin, la beslag på min idag. I amerika er jo alle menn gentlemenn. Iallfall når ein går i regnver med 30 tilskodarar. Då let ein det ikkje regne på kona.
"Liberty bell," sa guiden. Og eg strekte hals og nakke så langt plastposen på hovudet mitt tillot. "Independant house, her vart uavhengighetserklæringa skriven". Eg frigjer meg frå plastposen og får med meg nokre gullkorn.
Etter to timar i regnver er fotturen over. Buksa er blaut og humøret er ikkje på topp. Når me stig innatt i bussen, skrattar den greskfødte sjåføren av meg. "I will excuse your bad look," seier han. Og så skin sola opp og regnet er faren sørover. Og når me entrar den irske puben for å innta lunchen, må eg kasta jakka.
Men som så ofte på slike pubar, vart det fuktig der og.
mandag 14. mai 2012
Benjamin Franklin sine tabbar
Benjamin Franklin brua kryssar grenseelva, Delaware river, mellom Pennsylvania og New Jersey. Når eg kikkar ut vindauga mitt her på hotellrommet i Philadelphia, ser eg brua rett over hovudet mitt så og seia. På denne brua går straumen begge vegar. Heile døgeret sidan 1926 har bilar, tog og fotgjengarar nytta ho. Ein gong verdas lengste hengebru. I natt kunne eg tenkt meg at straumen hadde tatt ein pause, iallefall ein liten stopp. At uteliggarane under brua får sova er ein ting. Det tyder ikkje at eg som ligg i senga mi på Comfort Inn blundar like lett. Enda ein tabbe av denne mannen altså.
Huen ta Bejamin Franklin and his bridge.
fredag 11. mai 2012
Lang dags ferd mot USA
- drivstoff tankane treng ikkje vera smikkfulle i Bergen
- drivstoff kan etterfyllast på Keflavik
- det skal ikkje mange dråpane av etterfyling for å frakta lystige nordmenn frå Keflavik til The Unaiten. Dei er jo alt oppe i skyene før takeoff.
Då kan dei gi velhaldne kvinnheringar og andre norske pensjonistar, 2x23 kg innsjekka koffertar og 10 kg handbagasje i tilegg. Det som ikkje bensintankane treng, vert oppfylt med den bagasjen dei kjøpelystne Husnesingane treng av bagasjevekt.
I tillegg nyt dette nasjonale Islandselskapet godt av å sleppa alle flyplassavgiftene på Øya, som dei andre må betala.
Mange slit på Island, men Icelandair klarar seg - så langt.
Eg er over Ottava nå. Det syner skjermen på seteryggen framføre meg. Kona og eg har slite oss gjennom drosje., snøggbåt, flyplassar, raudvin, kvitvin og Gran Marier i dag. Nå ser me fram til landinga i Washington. Der ventar guiden med norsk flagg og gode sko. Me ska ut på middag med ein heil gjeng, som sikkert sit på dette same flyet, men som eg ikkje veit kven er ennå. Kanskje like greitt. Eg vert vel tidsnok påminna om at eg sov med beina ut i midtgangen og banna høgt men mildt på alle som støyrde borti meg. Særleg den høgre foten. Den er var for slik aggresiv atferd. Det er jo den som ødelegg for min stødige gange, ikkje minst etter eit par flasker raudvin,
onsdag 2. mai 2012
Kvite hus.
Slik er det med haldninga ein pådrar seg i oppveksten. Den tida då koplingane i hovudet vart lodda i hop hos kvar og ein på sin spesielle måte, og då kjensler og meiningar vert meisla ut for resten av livet. Sidan både kona og eg er oppvaksne i kvite hus på Haugalandet, vart det ingen diskusjon i 1978, då fargen på det nye huset vårt blei bestemt. Det måtte sjølvsagt bli bli kvitt.
Då Barack Obama flytte inn i The White House meinte onde tunger at huset burde malast svart. Det skjedde ikkje. Tvert om skin huset kvitare enn nokon gong. Det er nok ikkje noko å utsetje korkje påvedlikehaldet eller arbeidsmoralen der i gården.
Hos meg var det verre. Kvitfargen var nå i ferd med å endra seg, både mot svart og grønt. Soppen er svart og grønska er, ikkje uventa, grøn. Noko måtte gjerast. Det kvite huset mitt måtte shainast opp.
Eg kontakta eit av barnebarna, ein svær og røsleg kar, som straks skjøna at farfar trengde hjelp om huset ikkje skulle forfalla. Han starta med Idealvask i trykksprøyta, skura og spylde så all dritten fordampa. Det vart så bra at eg lurde på om beisen eg hadde kjøpt for tusenvis av kroner hos OBS, kunne returnerast til butikken. Men det blei til at me strauk han på veggen. Me nytta denne flotte veka i mai, Arbeidernes dag inkludert, til å hengja i stegen og dryppa beis i både eigne auge og andres hår. Men litt kom jo på rett plass også då. I tillegg til det kvite, vart noko raudt. Så pass skulda vi arbeiderrørsla. Og kona gjorde Einar Gerhardsen og OBS Bygg sine ord til sine då ho henngde opp denne plakten på inngangsdøra. "Hele folket i arbeid"
Om ei veke dreg eg til USA. Eg startar i Washington. Det skal bli spennande å utveksla erfaringar omkring kvite hus "over there". Og om eg får høve til det, skal eg tipsa Obama om sonesonen min Morten. Han er nok moden for større oppdrag etter dette.
torsdag 26. april 2012
No lauvast det i li
"Er det gjessene som sperrar for utsikta?" spør eg. Kona ser spørjande på meg. Ho har det blikket som stundom vert teke fram når det er vanskeleg for henne å vita om det er demens, humor eller trakassering eg driv med. "Grågåsa er forlengst passert," seier ho. "Det er bjørka som slår med vengene nå, lauvet er framme." "Kva er det du vil sjå på andre sida av vatnet då?" undrast eg.
Kommunikasjonen gjekk i stå. Eg må skjerpe meg. Eg prøver å ta opp tråden att. "Vonar sikta vert betre når me reiser til USA om 2 veker," seier eg.
Skal tru om det lauvast på Capitol Hill i Washington, og om gjessene gassar seg i Central Park i New York. Skal tru om duene har skite på Benjamin Franklin i Philadelphia og om det blomstrar på MIT i Boston.
Me får sjå. Men at det lauvast på Husnes nett nå, er tydleg. Difor er det så vanskeleg å sjå åsen på andre sida av vatnet. Kona slit og med det.
lørdag 21. april 2012
Når vårsol i bakkane blenkjer
Først når eg gjekk heimatt, skjøna eg at helsesystera hadde hatt vindauga ut mot verda på kontoret sitt. Ho hadde sett teikna. Ho hadde sett skjora som streva med dei alt for lange kvistene til reirbygginga. Ho hadde sett dei gravide kattane som vagga omkring på plenen utanfor, og dei gravide ungjentene som vagga omkring i venteromskorridorane. Ho hadde sett trekkfuglane sin retur frå syden, tilliks med pensjonistane som også nå var attende til "si heimlege strand" fordi det blenkte av vårsol i bakkane rundt helsesenteret. Nå kjem dei dit for å få påfyll i medisindåsen sin, og for å sjekka kor mykje leveren har krympa etter eit tøylelaust nytingsopphald der sola skin inn i dei mørkaste kroppskrokane, også om vinteren.
Eg gjekk heim og reiv av bordkledninga på søre husveggen. Nå fekk den norske vårsola sleppa inn i dei mørke avkrokane på huset mitt. Råma fekk turka opp og sagrusk mellom spikerslaga bak dei morkne borda fekk blåsa bort i vårbrisen. Og huset likte det som skjedde. Særleg då eg spikra på plass nye kledningsbord, vart det mykje positiv tilbakemelding. Nå kan eg ringa barnebarnet og be han koma med beisekosten. Han ventar på ein vårprat med farfar.
mandag 9. april 2012
Berekraftige barnebarn
"Kor kjem pumpevatnet frå, morfar," spør dei. Eg klør meg i storehjernen og lurer på korleis dette kan forklarast for ein gjeng med eit alderspenn frå 5 til 12 år. Eg kjem raskt fram til at her må forklaringa nivådifferensierast. Omgrepet grunnvatn vert lagt til nivå 2, mens boreteknologi hamnar på nivå 1.
"Om me pumpar opp grunnvatnet, vert det vel tomrom under jorda slik at heile bakken kan falla ned?" vil nokon veta. "Jo om me ikkje forvaltar ressursane på ein berekraftig måte, så kan det skje," seier eg. "Har det skjedd nokon stad, morfar?". "Ja, det har skjedd i Mexico," meiner eg og kjenner meg ørlite langt utpå nå. "Kva tyder berekraftig?" vil dei veta. "Det tyder at me ikkje må bruka meir av grunnvatnet enn at tilsiget klarer å balansera uttaket vårt."
"Har det blitt tomt i borehullet ditt her morfar?" spør dei. "Ja ei påske skjedde det." "Oi, då kunne jo heile påskefjellet falle saman," meiner dei. "Er det difor du smeltar snø morfar, for ikkje å bruka opp grunnvatnet.?
Eg synes det er på tide å avslutta denne praten omkring vassforbruket, men dei gir seg ikkje. "Vatn er dyrt," meiner dei. "På bensinsjasjonen kostar det 25 kr for ei halvliter vassflaske. Det vert 50 kr literen det. Eg har sikkert bore 100 liter til hytta. Dette kan bli dyrt for deg morfar." "Vel, du får notera, så tek me lønsforhandlingane når me kjem til låglandet att." seier eg og tenkjer at streik må eg iallefall prøve å avverge. For vasstilgangen var unektleg komfortabel med desse berekraftige barnebarna.
I dag regnar det ute, og inne strøymer vatnet klart og reint ut frå både dusj og kjøkenkran. Herleg vatn, som slett ikkje endrar grunnvasspegelen. Eg let det strøyme i lange tider og strie straumar frå dusjen over heile meg. Om det er reint når det treff meg i hovudet, så er det langt frå drikkande når det renn ut gjennom sluken i dusjkabinettet. Ei veke fjellsvette set sine spor. Men eg let vatnet renne med godt samvit. Så lenge det regnar ute er eg trygg på at forbruket mitt er berekraftig. Og så er det bortimot gratis då, iallfall i høve til påskevatnet.
torsdag 5. april 2012
Sol og sjølvstende
Kona står ved vindauga. "Det snøar ute," seier ho. "Så flott," seier me andre. "Då vert det styresnø." Kona likar det berre sånn passeleg. Ho ønskjer ikkje himmelen dekka til idag. Ho vil ikkje at solkremen på framsida av hovudet skal vera påsmurd til fånytte. Ho nyttar faktor 10, men insisterer på at eg skal dobla faktoren. Eg meiner det er heilt unødvendig. Eg har jo vekegammalt skjegg på kinn og kjake
Det pistralege skjegget som eg har duger ikkje til det heller, meiner ho. Så det vert å grisa seg til med solkrem, også idag. Men det er greitt nok. Kampen om solstrålane er ikkje kva den eingong var. Før i tida kunne ein sola seg, ikkje berre i strålene frå sola og dei refleksane som snøen gav, men også i glansen frå utsegn som kom etter påske. "Gu så brune du er," sa folk. Og eg fekk høve til å leggja ut om knallblå himmel og skiturar over uendelege fjellvidder. "Jo det var bra," sa eg. Nå for tida er eg brun på heilårsbasis. Eg fangar meg sol på meir global og kontinuerlig basis. Eg er ein globetrottande pensjonist. "Gu så brun du er," sa folk i mi tidlege AFP-tid. "Har du vore i syden," spurde dei gjerne. Nå spør ikkje folk kvarandre om slikt lenger. Å reise verda rundt i aust og vest er blitt allemannsaktivitet, iallfall blandt dei norske pensjonistane. "Alle " gjer det. Så nå må eg reisa meir for eiga enn for andre si nyfike. Likevel er det noko spesielt med dei solstrålene som kan fangast i 1000 m høgde. Dei er kvassare, og skjer seg raskare inn til sjeledjupet. Dei mildnar hugen, og dosen med blodtrykksenkande medisin kan reduserast. "Nå kjem sola," seier kona brått. Ok. Eg finn fram den digitale UV-målaren min, stiller inn hudtypen til min sort, seier kva solfaktor eg grisar meg til med, og vips så har eg info om kor mange timar eg kan sitta i sola. Fantastisk. Nå er eg ikkje avhengig av kva andre synsar om min "bliven og væren" korkje ute eller inne. Å vera sjølvstendig, og vita kva ein driv med, det er viktig i livet. Særleg i sola. Særleg i påska.mandag 2. april 2012
Påskehuler
Hadde eg framleis vore lærar,ville eg vore godt inni påskeferien nå. Den gongen var det om å gjera å koma seg avgårde til hytta på påskefjellet tidlegast råd. Det var om å gjera at kona, som ikkje var lærar, også klarde å forhandla seg fri frå jobben tidleg. For henne var det ein hard kamp mot alle dei andre som også på død og liv skulle tidleg avgarde.
Etter eg lot meg pensjonera, har eg holdt fast på det med å koma meg tidleg avgarde. I år er ikkje noko unnatak i så måte. Jacob, Emilie, kona og eg pakka skia på biltaket palmelaurdag, og surfa med snøscooter dei 2 kilometerane inn i fjellet frå bilvegen. Eg på scooteren, bagasjen i tilhengaren og dei to barnebarna hengande etter i eit langt tau. Føret var knivskarpt så dei to små hausta mykje lovord for skidugleiken sin frå bivonande telemarkingar. "Å klara dette utan fall heile vegen, er det sjeldan at til og med vaksne klarar på slikt føre," vart det sagt. Og eg veit godt kva dei snakkar om. Ikkje så få gonger har eg sjølv hengt bak i tauet og tryna i fonna både ein og fleire gonger på same turen. "Køyr varsamt," har eg sagt til scooterkøyraren. "Hugs eg er oppvaksen i fjæresteinane på Vestlandet, så skidugleiken er deretter." Då har den scooterkøyrande telemarkingen gassa ennå meir på.
I år er det kaldt i fjellet. Natta enda på -12 grader og dagane ligg rundt -5. Det har gjort snøen hard som betong og skiklisteret mitt til å høva dårleg med kuldegradene. Mitt påskeklister er for temperaturar som ligg fleire hakk over dette.
Men om ikkje skiføret er det beste, så eignar snøen seg framifrå som byggemateriale. Øks og sag er reiskapen som gjeld i år. Med dette utstyret vart kuber og parallellepipeder nensomt skore ut av snøen, og gilde byggverk reist. Igloar, kallar eskimoane det. Me kallar det påskehuler.
Så sjølv om påska ennå er ung, har me vore produktive. Om skaren held seg, og om saga framleis bit, kjem dette til å enda med ein heil påskelandsby. Og det utan byggeløyve frå Vinje kommune. Forøvrog svært i stil med resten av byggeaktiviteten heromkring.
mandag 19. mars 2012
Fritt val med konsekvensar
Laurdag gjorde eg eit toskute val. Sjeldan står eg fram og vedkjenner slikt, eg er for stolt til det. Men når eg på Flaggruta midt i Langenuen såg at snøen låg rundt TV-masta på Stordalandet, skjøna eg det. Kvifor i allverda vart eg ikkje lenger i Nerja? Kvifor reise heim nå? Og då eg i dag tidleg vakna til plenar med snø på, kvit og kald snø, vart eg aldri så lite angren.
Men eg skal ikkje ligga lenge med brukken rygg. Eg skal reisa meg igjen. Eg skal leita etter teikn på at valet mitt ikkje var udelt toskut, det gav berre nokre uventa konsekvensar. Eg har alt funne nokre varmekjelder i vinterkulda:
- Ein velkomstseremoni med jublande barnebarn som fylte fanget mitt til trengsel, varma mykje. Eg er ennå lemster i kroppen og høg i blodtrykket etter den gleda. Dette var ein velkomst 10.000 gonger varmare enn den eg fekk i resepsjonen i Capistrano.
- Ein heimelaga torskemiddag er 1000 gonger betre enn lenguadoen frå Middelhavet om restauranten triksar aldri så mykje.
- Dagens raske trimtur i norsk natur er 100 gonger betre enn trasking langs plastikkdrivhusa på Costa del Plastic utanfor Nerja. Sjølv om eg måtte byta solhatten ut med øyreklaffhua.
- Og dusjen då. Den eg kan kosa meg i utan å måtte klatre opp i eit såpeglatt badekar, og der badegolvet er like tørt sjølv etter dusjinga. Det er 10 gonger betre enn i Nerja Villas.
Eg får ta det med fatning. Men eg innser at mine frie val kan gi uana konsekvensar.
fredag 16. mars 2012
Ei reise i Spania
Me er i EU nå. Her har dei skjøna at god infrastruktur er om ikkje rekningssvarande, så ialfall gode greier for folket. Dei skjøna det den gongen dei hadde pengar. Det har dei ikkje lenger, men vegane har dei. Motorvegar går ikkje konkurs. Dei som kosta 140 millionar Euro pr km å bygge. For her bygde dei ikkje motorvegen etter terrenget, dei bygde han etter same prinsippet som Vår Herre bygde Middelhavet: bortimot vassrett og med få krusningar. Etter at 4 felts vegen i tunnell har skjore seg gjennom det kalkrike fjellet, går han rett inn på ei bru som vanlegvis er lenger enn Askøybrua, som sonen min sa det. Ikkje avdi han går over sjø, nei berre over ein dal som det ville vera brysamt og miljøfiendleg å køyra ned i. 40% av vegstrekninga går i tunnell eller på bru her ved Nerja. Så ingen skal få gehør hos meg om eg vert fortald at det er kostbart å byggje veg i Noreg. Dei skal få seg ein på kjeften, trur eg.
Bussen til Malaga er komfortabel. Mjuke seter med sikringselar, luftkondisjonering og utan motor. Iallfall høyrde ikkje eg noko motorstøy inni bussen. Ruta er regelmessig og meg god frekvens. Men diverre er det mange som elskar desse bussane og desse tålmodige bussjåførane. "Ja berre gå på do du,"seier sjåføren til ei trengd kvinne før han køyrer vidare. Alt ved Torre del Mar, er bussen nesten full. 3 ledige seter er det når bussen stoppar der, og det står 10 passasjerar på haldeplassen. "Kva nå?" tenkjer eg. Jo sjåføren løyser det greit. Han stoppar bussen, går halvegs utanfor og held ein liten men humørfulgt tale til sine potensielle passasjerar. Han avsluttar med å legga ansiktet i litt sørmodige faldar, og slepp inn berre 3 av flokken. Spanjolane er tolmodige. Dei venter gjerne til neste buss. Berre nokre nordeuropearar murrar litt.
Me skiftar til undergunnen i Malaga. Den går vekselvis under og over bakken. Forbi flyplassen og vidare til Fuengirola. Me stig av i Torremolinos. Eit splitrande nytt tog og skinnesett, som til og med overgår toget frå Stansted til London. Og på Stanstedtoget kunne eg jo i si tid ha eit lite beger med Gammel Dansk ståande på bordet framføre meg utan at det oppstod krusningar på overflata. Nå skal eg likevel innrømma at det begeret stod ikkje lenge med veske i om gangen.
Å oppleva Torremolinos med sitt folkemylder og høge hus, var som å oppleva Husnes etter å ha vore på Samlebu i nokre veker. Ein nådelaus plass der ein ikkje lenger kunne gå å seie hola og hallo til alle ein møtte. Om ein satsa på det fekk ein ikkje med seg alle tilboda i souvenirbutikkane. Men slektningane var det hyggelig å møte. Det vanka både kyss, klapp og klem. Og hotel Cervantes var framifrå, med ein rikhaldig frukostbuffe. For fyrste gong på 6 veker slapp eg å laga frukost. Berre det aleine var verd turen.
tirsdag 13. mars 2012
Våte og turre visningar
Og det er fullt mogleg å realisera den draumen. Hus til sals er det flust av her. Dei engelske som er i fleirtal rundt oss, sel anten avdi dei er blitt for gamle, men oftare på grunn av ein økonomi i krise. Også den alminnelege engelskmann med sin alderspensjon kjenner trykket nå, vert eg fortald.
Dei norske sel og, men av andre grunnar. Dei har ein sterk privatøkonomi og let seg difor friste til å byte bustad. Dei kjøper seg opp til stending høgare bustadstandar og meir spektakulære buplasseringar. Svenskane, som der og er ein god del av i området, prøver som best dei kan å konsolidera stillinga si.
Til sals skilt poppar opp også i næraste nabolag. Tvers over vegen ser eg fleire. Nokre skilt har hengt i vindauga lenge. Andre forsvinn om ikkje som dogg for sola, så iallfall etter relativ kort tid. Men det er kjøpar sin marknad her nå. Store leiligheter med 3 soverom og 3 bad samt mange solrike terrassar og felles basseng som for kort tid tilbake gjekk for rundt 250.000 euro, får ein nå ikkje selt med mindre ein kryp under 200.000. Visningar vert ein invitert til i dei mest forunderlege situasjonar. Ein person i kassakøen på matvarebutikken, kan gjerne finna på å spørja deg om du er på husjakt. Min ven kapteinen, vart på den måten invitert heim til ei enke der det ikkje berre vart visning, men også raudvin og kos. Stakkaren måtte bæra alle handleposane sine bakke opp og bakke ned etter han sa jatakk til visinga. Det han fortalde meg etterpå, utan at han gjekk i detalj, var at det ikkje blei handel.
I går var eg på visning hos han. Men det var berre fordi han ville visa fram og by meg på eit glas cerveza. Det er hyggeleg å gå på visning. Gratis er det og ...
fredag 9. mars 2012
Middelhavet dampar, euroen fordampar
Så med eitt ringer det i telefonen min. Det er frå Malagabussen. Slektningar kjem på vitjing via Malaga frå Torremolinos. Eg ber kapteinen betala ølen for meg, og legg i veg. Eg må rekka bussen som kjem vestfrå, og eg har ikkje peiling på kor langt han er komen i løypa. Eg halsar opp gjennom gatene for å rekke fram til hovudhaldeplassen for bussane i Nerja. Like bak meg høyrer eg kapteinen, som framleis står på sitt når det gjeld disen i Middelhavet. Han er rask til beins denne 75-åringen.
Idet eg skrittar over Plaza Cantarero, også og ikkje utan grunn kalla gubbeplassen, ser eg at Malagabussen alt står ved haldeplassen. Skal tru om slektningane er inni der. Eg stig inn den halvopne bussdøra, strekkjer hals og går opp på tåspissane. Jo sanneleg, og for ein flaks. Der sit dei fordyden meg bak i bussen. Like bak meg i bussdøra står kapteinen. Han gir seg ikkje så lett, men då eg løyser billett for å køyra med gjestene mine dei siste 3 stoppestadane opp til Capistrano, kastar kapteinen inn handkledet. Kanskje han ikkje har meir pengar att til bussen. Han hadde jo betalt cervezaen både for meg og kona.
Me fekk losa stavangerfolket som kom, til rett leiligheit. Dei skulle bu der i to dagar i ein urbanization, ikkje langt frå oss. Det er lett og gå seg vill her oppe i Capistrano-området. Her er mange urbanizasjonar med mykje trapper og trange smau. Våre slektningar nytta då også tida rett som det var, til nettopp å gå seg vill. Ofte kunne ein treffe på svogeren sitjande utsliten på fortauskanten, mens ho halsa kvilelaust omkring for å lesa seg fram til den rette gata der lokalbussen gjekk, eller der me budde. "Legg capsen framføre deg når du sit på fortauskanten," sa eg til han. "Det kan vera ganske innbringande". Han høyrde nok kva eg sa, for etter det skrudde han av høyreapparatet sitt ein times tid.
Men langveisfarande bussar og tog har dei greie på, og grunkar har dei visst framleis i pengebøkene sine. Dei reiste vestover att idag i 15-tida, med offentleg kommunikasjon. Alt klokka 17 kom det pip på telefonen min. "Me er nesten attende i Torremolinos," stod det. Eg trur dei var glade for det.
Og kapteinen? Han klarer seg nok. Han har vore ute i hardt ver før, og dukkar nok opp igjen. Eg får kjøpa ein uno Cerveza til han ein dag det ikkje dampar frå Middelhavet, om euroen ikkje har fordampa då.
mandag 5. mars 2012
Tidene skiftar
Me gjekk "fjelltur" til tårnet utanfor Maro idag. Det er eit av desse runde, gamle vakttårna bygd av dei kristne på 1700-talet. Det kan vera bratt opp til dette tårnet, særleg om ein først går feil veg nedover mot sjøen. "Do you know the way to the tower?", spør 2 engelske middelalderpar oss. "Jepp," seier me og tek av frå vegen oppetter ein smal og bratt sti. "We are definetly not going that way," seier ein av dei, "even if it should the correct path." Men like etter kjem likevel alle 4 krypande på alle 4 bak oss oppetter lia. Det var sjølvsagt feil vegval me tok, men med kom då fram til slutt. Som takk for fjellførarjobben med påtok oss, knipsa ein av dei engelske eit bilete av oss på toppen. For at me kunne ha med oss eit prov nedatt på at me begge hadde vore der, som han sa.
Opphaldet vårt går over i ein ny fase nå. Etter ei veke med hyggeleg besøk av Markus og faren, sit me nå aleine attende i bustaden. Det var mykje aktivitet og spillopper med dei to karane i huset. Store utfordringar og mange overraskingar. Markus er ein kreativ krabat med mange tankar og idear i hovudet. Særleg vart eg satt på prøve når han og eg skulle spele med ninjakort. Reglane var eigenproduserte og tilpassa situasjonen av Markus. Eg tapte kvar gong. Tilslutt sa Markus: "Men farfar nå må du følje med. Ser du ikkje at eg juksar då?" Eg såg jo ikkje det,for eg skjøna aldri noko korkje om talverdiane på korta eller rekkefølgja i spelet. Dei er avanserte desse barnespela nå til dags. Iallfall Markus sine.
I veka me nå går inn i. kjem nye slektningar innom i Nerja. Svigerinne og svoger frå Stavanger som nå ferierer i Torremolinos, buset seg i Capistrano for eit par-tre døger. Eg undrast på om dei kan gi meg like store utfordringar som Markus? I såfall vert det nok på andre plan. Den som lever får sjå.
fredag 2. mars 2012
Ei regnfull natt
"Kva lyd er det eg høyrer utanfrå?", spør Roar. "Det er frå bassenget," meiner eg. Men nei, det var ikkje det. 8 store puter, var dørgande gjennombløyta. Det hadde hølja ned ei god stund, og det fortsette ut i dei små nattetimane. Så i natt har stova vore brukt som tørkerom for dryppande skumgummiputer.
I dag er det slutt på regnet. Sola skin mellom skyene, og fuglane kvitrar meir enn før. Det gjer spanjolane rundt meg her også. "Fantastisk," meiner Juan. "Sjå oppover i fjellsida, ein kan merka den grønkast for kvart minutt som går."
Klart at regnet gjorde godt for naturen. Men ikkje for putene mine. Så for dei trengs det ikkje meir nå. Ikkje for meg heller for den sak skuld.
onsdag 29. februar 2012
Kongeleg møte
Det var laurdagskvelden eg henta faren og Markus på flyplassen i Malaga. I leigebil frå Avis, svingde eg opp langs arrivalen på AGP, terminal 3, i ein Seat RK Ibiza og plukka dei opp. Å leige bil i syden er noko eg berre driv med når det er rasjonelt. Og det er det sjeldan. Taxi og buss er framifrå måtar å bevega seg på mellom haciendaen og dei ulike utfluktsmåla både på dag og nattestid. Men nett denne laurdagskvelden sløyfa eg sangriaen, programerte navigatoren og la avgarde dei 55 km mot sørvest. Dei kom nemleg frå Bergen i seinaste laget. Difor var leigebil eit praktisk reiskap nett då.
Begge turistane var i storform då dei først av alle bergensarane kom ut gjennom tollkontrollen. Markus vbar først. Han hadde spara opp ein god porsjon potensiell energi i løpet av Norwegianturen frå Bergen, og holdt såleis eit tempo over gangbanda at faren sleit med å henge på.
Å ha barn med seg i utlandet, særleg Markus, gjer at ein må la alle tankar om språklege stengsler og høflege samværsformer falle. Markus snakkar sitt språk med dei innfødte og forventar å bli teken på alvor av alle. Samstundes er han kvikk til å plukka opp spanske frasar. Etter eit par dagar på byen er det blitt slik at når Markus synes det er på tide å bryta opp frå barkrakken, seier han høgt og tydleg frå om det.Han vender seg til servitøren og seier "La Cuenta, por favor." Om farmor har fått heldt i seg siste skvetten frå kvitvinsglaset eller om ho ønskjer set eit til, gir han då blaffen i. Og plutseleg står kelnaren der, og er på Markus sitt lag så og seie. Euroen må fram, me må gå. Om ikkje vert det uro. Slik det vanlegvis vert om kongar ikkje får det slik dei vil. Markus er ein framifrå kar. Han tenkjer på familien sin og får oss heim i tide. Slikt blir det gode morgonar av - iallfall.
torsdag 23. februar 2012
Spansken min
tirsdag 21. februar 2012
Marknadsdag
Eg pakka verdisakene mine i armhuleveska. Denne fantastiske safen som eg har kjøpt på handysize butikken i Oslo. På slike marknadstader er det jo ikkje trygt å ferdast. Det har eg høyrt frå ansvarleg hald. Rett nok har eg aldri høyrd om menn som er blitt loppa på marknad. Det er nok avdi mennene ikkje går så lidenskapleg inn i situasjonane at dei gir alt og gløymer å te seg med varsemd. Når varene skal vurderast og prisane skal prutast ned, kan nokre gløyma seg så aldeles bort.
Turen til marknadsplassen gjekk i grisgrente strøk langs elvekanten. Dette er lausbikjene sit territorium. Når ein møter 4 velvaksne hundar av ekte spansk gardabikkjerase, vert ein skjelven. Då bryt ein av næraste sukkerrøyrstamme og strammar grepet rundt den så knokane kvitnar. Ein kjenner seg som ein spansk torero i møte med ein toro. Heldigvis brommar ein sluskut men myndig senor ein eller annan stad bak eit gjerde, noko som får hundane til å leggja halen mellom beina og luska skjemd vekk frå meg og kona. "Oi, kvifor gjekk me ikkje normalruta til marnadsplassen," seier me i kor.
Eg har høyrd at når varene på markaden er prisa, så skal ein ikkje pruta. I Nerja er alle varene prissett. Eg likar det best slik. Då er det orden og system på sakene, og eg føler aldrig at eg vert lurt. Nokon har bestemt at slik skal prisen vera. Då skal den vera slik, trur eg. Då kan eg og handla. Og når i tillegg seljarane er tolmodige og ikkje renn deg overende berre du glyttar litt omkring, kan eg handla enda meir Så idag gjekk eg ikkje tomhendt heimatt. Men rett skal vera rett: Eg gjekk slett ikkje heimatt. Eg bussa. Og på bussen var det berre toføtte, og dei knurrar vanlegvis ikkje.
søndag 19. februar 2012
Karneval
Våre vener hadde skjøna meir enn meg. Opptoget som etter programmet skulle starta kl 17, kom igang klokka 17.50. Då kom og dei som eg hadde holdt stolane av for.
Opptoget var enormt. Eg såg korkje religiøse eller politiske innslag, men det kan vera pga at slike ikkje fantes. Me sat ein time og lot oss imponera, særleg av alt arbeidet som må ha vore lagt ned i førebuingane. Men og av dei brune kroppane som sikkert slit med nasasnue og influensa i dag. For mage- og puppetemperaturar syns eg ikkje det var i går kveld.
Etter ein time var prosesjonen framleis like hektisk. Raudrusstoget i Haugesund i 1962 vart for inkje å rekna i høve til dette. Me og våre vener vart middagsvoltne. Me braut opp og hamna på restauranten Jacky. Ein framifrå stad med mange rettar og mykje godt.
Når me to timar seinare braut opp med fylte magar og tømde blærer, var karnevalsfolket framleis i gatene. Men nå var gangen deira meir ustø og tilfeldig. Festen var nok ikkje slutt med dette.
Og i kveld går festen vidare. Han vert ikkje avslutta før seremonien med å gravlegga ein fisk er unnagjort. "A silly performance", som Angela i resepsjonen kallar det. Kanskje ho er inne på noko der. Eg utset evalueringa av det.
lørdag 18. februar 2012
Som dagane går
Men rett skal vera rett. Det er sola som gjer jobben. Det er sola som får kona til å tre i småklede, og det er sola som hevar kvikksølvsøyla til greie nok termometeravlesingar. Om natta sig søyla til rundt 5 grader. I skrivande stund (kl 10) les eg av 13 grader i skuggen. Det vert nok bra idag. Vindstille og full sol er det og. Det høver godt sidan det er i dag hovedprosesjonen i karnevalet går gjennom gatene. Så klokka 17 er eg på plass på fortauet for å nyta desse fargerike folka med og utan kostyme.
Eg er snart lommekjend i Nerja nå. Framleis let det seg gjera å gå seg vill i dei trongaste smaua, men då er det berre å roa seg ned i ein bar ei stund. For i Spania er det ikkje pubane som reddar folk i slike situasjonar, det er barane. Her kan ein både fylla på og tappa av. Her finns drikkebarar og tapasbarar. Barar der ein kan dansa heile natta, og barar der ein ikkje har lov å røykje men gjer det likevel. Her er turistbarar og barar for dei innfødte. Der føler eg meg mest som ein inntrengar, og skjønar ingenting av kva som blir sagt. Men mykje blir sagt og lydnivået er høgt. Så høgt at eg ikkje eingong skjønar kva kona seier. "Noen ganger er det allright..."
Når eg vil heim seier eg " Taxi, por favor" til bartenderen. Han ringjer, eg tipsar og spring. For i alle desse gågatene, er det langt å føta seg til ei gate der taxien kan plukka meg opp. Så er det å reinske røysta og lesba fram adressa. Ingen nyttar taxameter, men alle tek 7 euro for turen uansett kor eg startar frå i byen, når eg skal heim og til sengs. Eg trur det må vera ei form for prissamarbeid på dette feltet. Men skitt, tenkjer eg. Euroen ligg lågt i kurs nå.
torsdag 16. februar 2012
Granada og "Det raude slottet"
Nå er det maklegare å koma seg frå Nerja til Granada (der Alhambra ligg), enn det er å koma seg til Magnhildshellene. Sjølv om turen tek omtrent like lang tid (ca ein time), går det motorveg om ikkje heile vegen, så iallfall lange strekningar opp til Granada. Til Magnhildhellene er det ski som gjeld på denne tida. Men felles er likevel at ein skal kle seg godt begge stader. Granada ligg rundt 750 moh og Alhambra rundt 100 m høgare.
Til liks med på Samlebu er grunnen svært rik på jern. Her er det leira som er metta med jern, på Samlebu er det myra.
Når me steig ut av bussen på Alhambra, var temperaturen 4 grader Celsius. Eg hadde kledd meg like godt som når eg går til Magnhildshellene med unnatak av stillongsen. At eg ikkje trekte den på, var ein tabbe. Den guida omvisinga tok 2,5 time. Det var eit imponerande skue, og ein imponerande italiener som snakka både arabisk, spansk, fransk, engelsk, tysk og sjølvsagt italiensk. I tillegg hadde han ein framifrå gestikulajon og ein talande mimikk. Til oss snakka han engelsk inn i ein mikrofon som på bluetooth vis sende lyden inn i høyretelefonane me fekk over hua. Stundom slo han over til arabisk, for å få oss i det rette lunet, som han sa.
Alhambra er jo slotta og hagane etter maurerane (muslimar) som rådde i denne delen av Spania i rundt 700 år. I 1492 jaga dei kristne ut att maurerane, og gjenerobra landet sitt. Men arabisk kultur og språk er ennå i sterk grad prega av at landsdelen var under islamsk styresett i så mange århundrer. Me ser og høyrer det ikkje berre i Granadaområdet, men langs heile kyststripa her i sørvest Spania. Me ser det på byggestil, på genmateriale og på ein god del ord som kjem frå arabisk. Til dømes alle desse spanske orda som startar med al.
Nede i Granada der med vandra både med og utan ein annan guide, traff vi og (mellom anna på silkemarkedet), arabarar som ville ha attende Alhamra. Men guiden vor berre lo av dei og meinte at den bussen nok var køyrd.
Granada er studentbyen over alle i Spania. Her bur 250.000 fast, mens det er 80.000 studentar. Det pregar bybilete, særleg nattestid. Her svingar det meir enn i Bergen på 60-talet. Skildnaden er berre den at eg svinga meir på 60-talet enn eg gjer idag. Så eg måtte nøya meg med to pils og ein pizza nå. Men den blei innteken på fortauskafe i solskinet. Og eg fekk to ord med ei spansk studine. Så eg følte jo at det svinga litt. Men sidan både ho og eg hadde partnerar med oss, vart det dempa svingningar som me kallar det i fysikken. Svingningar som døyr ut.
Slik gjekk onsdagen. Ei utflukt som varde frå kl 8 til kl 19. Ein innhaldsrik dag. Og eg kunne hatt med ski og. For frå Granada opp til Sierra Nevada der me såg snøen låg, er det berre 45 min køyring. Sjå snøen, sa guiden. Er det ikkje fantastisk. Ho fekk ikkje så stor respons på det frå alle oss nordeuropearer som var i bussen. Me ville heller køyre 45 min andre vegen. Då var me ved stranda.
Dit ville også Christoffer Columbus. Eg såg korleis han knela i bronse framføre kongen og dronninga i Granada for å verta sponsa. Han ville til sjøs. Ville oppdaga sjøvegen til India. Men han fann Amerika. Slik sett, ein mislykka tur. Men han fekk iallfall seile. Me bussa, og fann attende til bustaden vår.
tirsdag 14. februar 2012
Tapaskveld og slumpetreff
Me var 8 personar rundt bordet. Alle var norske, og dei fleste spreke pensjonistar. Særleg vart eg imponert over denne 75 år gamle sjøkapteinen som hadde sjefa på store oljetankarar sidan han var 26 år gammal. Norges yngste kaptein i slik ein fart den gongen. At han avslutta karriera si i Libya med oljetransportar langs kysten der, gjorde at han var spennande å lytte til. I morgon skal kona og eg ut på guida byvandring saman med mellom anna han.
mandag 13. februar 2012
Eg, ein resepsjoman!
I ryggsekken har eg ein pc og eit nettbrett." Buenos dias", seier eg når eg nå etter kvart som dagane går, kjenner meg som heime i resepsjonen. "Bienvenido", seier Juan, og finn fram eit portabelt pc-bord til meg. Eg sit lenge i resepsjonen. Mykje skal gjerast. Diverse papiraviser, som eg har fått omgjort til e-aviser mens eg er her, skal lastast ned. Mailen skal sjekkast, yr.no skal studerast. Det skal chattast med dei av mine vener som er pålogga og bloggar skal publiserast. Bloggane skriv eg helst heime på balkongen.
"Driv du og jobbar", spør Juan. "Ja", seier eg. "Det er mykje som skal gjerast". "Eg skønar det", seier han. "Dei fleste som kjem innom her er jo ferdig på ein blunk på nettet", seier ha også. "Det går ikkje for meg", seier eg. "Er det greit", seier eg og smiler. "Sjølvsagt, det er berre kjekt", seier han.
Eit svensk par kjem inn. Ho vil leiga bustad fram til 10. mars. Er svært ivrig og nyfiken på om ho og kva ho kan få. Han virkar uinteressert. Snakar ikkje særleg engelsk, så all komunikasjon går gjennom kona. "Det må vera billeg", seier han. Eg sit musestille utan å gi tilkjenne at eg skjønar svensk. Han vandrar kvilelaust omkring, mens han mostrar og ber seg. Til slutt sleng han seg ned på stolen ved sida av meg. "Eg er gammal og trøytt", seier han til kona. Eg klarer ikkje dy meg og seier: "Nei du er ikkje korkje gammal eller trøytt, du er berre svensk". Eg ventar spent på reaksjonen. Vil han dra til meg eller taklar han dette. Heldigvis flirer han, og blir svært så pratsom. Mest som om han er glad for å kunna kommunisere direkte med nokon utan å gjera det gjennom kona. "Me har vore her i 3 veker, og nå må eg heim å jobba", seier han. "Kona mi som har pensjonert seg, vil ikkje vera med. Ho vil bu her ein månad til og må ha ny bustad". "I cannot stand the weather in Sweden right now", høyrer eg ho seier til Juan.
Å herregud, tenkjer eg. Ikkje rart mannen var uinteressert i opplegget. Nokre kvinfolk ser ut til å gjera nett som dei vil...
Dette var eit lite glimt av kva opplevingar ein resepjoman kan få med seg om han har øyrene reine og augene reinska mellom webadresser og chats
søndag 12. februar 2012
Den frodige vassbyen
Arbeidsløysa er stor nå i Spania. Lokalavisa her, som sjølvsagt er på engelsk, skriv at berre 75% av spanjolane i landet har arbeid. Men her i Nerja er det betre. Eg lot meg endåtil fortelja at ungdom som har reist vekk frå mora si og far sin inn til dei store byane, kjem attende hit. Her trengs mange hender i landbruket. Dei tre haustingane i året, krev folk.
Ved sjølvsyn observerte eg det i går. Eg gjekk meg ein tur gjennom åkrar og drivhusområde. Som bileta syner stod potetåkeren ikkje langt frå bløming, og spisskålen kosa seg framleis på rot. Inne i drivhusa var den farlege spanske pepparen fullmogen. I andre drivhus såg eg både tomat-, agurk-, papaya- og mangoplanter. Og drivhusa er ikkje som heime. Her er det berre halvtette plasthus som både gir auka solvarme og naudsynt lufting. Dei er billege byggverk. Den overfloden av vatn, kombinert med det varme klimaet som er i Nerja, gir ein blomstrande landbruksnæring. Nesten alle typar frukt og grønnsaker kan dyrkas i dette austlege Costa del Sol området.
For i Nerja er det i tillegg til mykje sol, også flust med vatn. Sjølv om det dei siste 3 månadene berre har regna eit par dagar, renn elvane ganske friskt. Smelting av snø på Sierra Nevada og Alpujarra, som har toppar på over 3500 meter, gir jamn tilførsle av vatn. Namnet Nerja tyder jo nettopp "staden med rikeleg vatn". Her har bøndene det enkelt med vatntilgangen. Det såg eg i går når eg balanserte på levadaene og kraup under akvaduktene.
Fantastisk, tenkte eg. Her held vatnet seg på bakkenivå. Dei slepp dette våte stoffet i lufta. Det med har så mykje av på Vestlandet. Slik er det her, iallfall førebels.
PS: 19 grader midt på dagen. Full sol, lite vind og mykje glede.