Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 19. mai 2012

Facing North

Me køyrer inn i Connecticut. Er på veg mot Boston. Godt å få slappa litt av i bussen idag. Gårsdagen baud på mykje farting og mykje folk. Først båtturen ut til Frihetsgudinna og til Ellis Island. Dette var øya der nordmenn og andre emmigrantar blei landsatt for godkjenning, før dei slapp inn i landet. Frå rundt 1890 og like til 1954 foregjekk dette. Nokre blei heimattsendt, men rundt 95% slapp inn. Slik er det ikkje idag, korkje her eller der. Alle dei hundrevis av tusen nordmen som kom hit under emmigrasjonstida, tappa det norske samfunnet for mykje bra folk.
Å vera av norsk avstamming i USA, er stas. Norske turistar er også kjekt for amerikanarane å helsa på og heia til. På 17. mai var det enkelt på restaurantar å bli påspandert, om ein bar dei norske fargane.
Kona og eg tråla Times Square og Fifth Avenu i går. Me var ikkje aleine. Me var i Kina i november. Der var fleire folk. Men der var dei kineserar. I New York er det alle mulige typar folkeslag. Alt frå lndianarane som heng øvst i skyskraparane på byggearbeid eller vindusvask, til dei som ligg lågast i rennesteinen gjerne frå Sør Amerika eller Afrika.Men det er ikkje dei som dominerer bybilete. Det gjer dei som trippar gatelangs for å sjå og ikkje minst for å bli sett.
Etter 3 travle dagar i New York dreg me altså mot nord. Eg gleder meg til å sjå Boston igjen. Eg jobba der i to periodar rundt 1970. Kjernefysikk på MIT var noko av det gjevaste ein kunne driva med på den tida. Iallfall for meg. Nå er eg pensjonist og syns det er gjevt. Alt har si tid.

2 kommentarer:

  1. De passa vel på å fortelje alle og einkvar om kvar koparen til fridomsgudinna kom frå ...?

    SvarSlett
  2. Ja eg prøvde meg. Men Visnes er avkrefta, seier dei. Koparen har eit arseninnhald som ikkje stemmer. Dessutan handla vistnok ikkje denne franske Secretan med Visnes. Du veit desse franskmenna er ikkje til å stola på

    SvarSlett