Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 18. februar 2012

Som dagane går

Det er laurdag. Eg har vore på Solkysten i 2 veker idag. Det varmaste været var her før eg kom, seier folk. Du kom hit med kulda, seier dei og. Særleg dei fastbuande svenskane  likar å koma med slike utsegn. Eg skjønar ikkje kva dei snakkar om. Når kulda herjar Europa, og denne snippen her i sørvest har strålande sol kvar dag, og temperaturar rundt 16 - 18 grader, er eg nøgd. Det burde svenskane vera og , meiner eg.
Men rett skal vera rett. Det er sola som gjer jobben. Det er sola som får kona til å tre i småklede, og det er sola som hevar kvikksølvsøyla til greie nok termometeravlesingar. Om natta sig søyla til rundt 5 grader. I skrivande stund (kl 10) les eg av 13 grader i skuggen. Det vert nok bra idag. Vindstille og full sol er det og. Det høver godt sidan det er i dag hovedprosesjonen i karnevalet går gjennom gatene. Så klokka 17 er eg på plass på fortauet for å nyta desse fargerike folka med og utan kostyme.
Eg er snart lommekjend i Nerja nå. Framleis let det seg gjera å gå seg vill i dei trongaste smaua, men då er det berre å roa seg ned i ein bar ei stund. For i Spania er det ikkje pubane som reddar folk i slike situasjonar, det er barane. Her kan ein både fylla på og tappa av. Her finns drikkebarar og tapasbarar. Barar der ein kan dansa heile natta, og barar der ein ikkje har lov å røykje men gjer det likevel. Her er turistbarar og barar for dei innfødte. Der føler eg meg mest som ein inntrengar, og skjønar ingenting av kva som blir sagt. Men mykje blir sagt og lydnivået er høgt. Så høgt at eg ikkje eingong skjønar kva kona seier. "Noen ganger er det allright..."
Når eg vil heim seier eg " Taxi, por favor" til bartenderen. Han ringjer, eg tipsar og spring. For i alle desse gågatene, er det langt å føta seg til ei gate der taxien kan plukka meg opp.  Så er det å reinske røysta og lesba fram adressa. Ingen nyttar taxameter, men alle tek 7 euro for turen uansett kor eg startar frå i byen, når eg skal heim og til sengs. Eg trur det må vera ei form for prissamarbeid på dette feltet. Men skitt, tenkjer eg. Euroen ligg lågt i kurs nå.

1 kommentar:

  1. Ja, nå spørs det då om vi kjem til å landa på Malaga airport nokså nøyaktig 2 uker fra nå av.
    Eg ser at Iranske krigs-skip i dag har gått inn i Middelhavet, og det kan jo derfor bli problematisk hvis dette utarter seg til å bli noko meir. Krig?? Men eg håpar jo me får sjå sola ennå ein gong, for her er det akk nå øs-pøs regn og 6 plussgrader, Vi får vente og sjå. Håpar du får med deg karnevalet iallfall før den "siste basun" lyder. Med håp om å sees om et par uker.

    SvarSlett