Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 12. juli 2012

Agurktid

Å kalla nåtida i heimen for agurktid, vert feil. Det er ikkje agurk som pregar kvardagen her, iallfall ikkje ennå. Nå er det jordbær og brunsnegel, brunsnegel og jordbær som står på menyen. Einskilde i familien brukar mykje tid på begge delar. Dagen er ikkje den same utan denne ekstra ryggtrimmen, skjønar eg.
Men kombinasjonen agurk og brunsnegel er ikkje god. Særleg når agurkene er små og veike, vert det ein ulike kamp. Agurkplanta har lite å stilla opp med når denne mordarsnegel bit frå seg. Såleis mista eg det meste av  agurkplantene mine like etter fødselen i mai. Det vart ein tidleg krybbedød for dei.
Noko måtte gjerast. Etter over 30 år med mellom anna agurkdyrking i drivhuset, ville eg ikkje gi meg lett. Eg ville stå opp og kjempa for agurkene mine. Mange åtgjerder vart vurdert, alt frå overnatting i drivhuset for å yta heilkontinuerlig vern og omsorg, til å byggja sneglesikker vogge til dei unge hjelpelause. For det er i oppveksten dei  er mest utsatt for farer.
Løysinga vart ei slags vogge. Eg kappa høvleg stykke av eit vatnrennerøyr og la to strimler med silicon i eine enden. Desse dynka eg då med vanleg koksalt slik at når siliconen var stivna dagen etterpå, sat der to sjosalte ringar øvst på røyrenden. Så planta eg nye babyagurker og tredde ringane over plantene og godt ned i jorda.
Snegelen hatar meg for dette trikset. Han kan ikkje fordra salt,  og eg har fått ein uven for livet. Men agurkene jublar og stekkjer seg i glede utan ei skråme korkje på kropp eller sjel.
Så nå ser eg fram til ei frodig agurktid...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar