Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 12. februar 2012

Den frodige vassbyen

Nerjaområdet er eit spisskammer. I denne delen av Spania kan bøndene hausta 3 gonger i året. Landbruk og turisme er det ein lever av her. Mest landbruk kanskje, i desse økonomiske nedgangstider. Folk treng ikkje å vera turistar for å overleva i dårlege tider, men mat må dei tross alt ha.
Arbeidsløysa er stor nå i Spania. Lokalavisa her, som sjølvsagt er på engelsk, skriv at berre 75% av spanjolane i landet har arbeid. Men her i Nerja er det betre. Eg lot meg endåtil fortelja at ungdom som har reist vekk frå mora si  og far sin inn til dei store byane, kjem attende hit. Her trengs mange hender i landbruket. Dei tre haustingane i året, krev folk.

Ved sjølvsyn observerte eg det i går. Eg gjekk meg ein tur gjennom åkrar og drivhusområde. Som bileta syner stod potetåkeren ikkje langt frå bløming, og spisskålen kosa seg framleis på rot. Inne i drivhusa var den farlege spanske pepparen fullmogen. I andre drivhus såg eg både tomat-, agurk-, papaya- og mangoplanter. Og drivhusa er ikkje som heime. Her er det berre halvtette plasthus som både gir auka solvarme og naudsynt lufting. Dei er billege byggverk.  Den overfloden av vatn, kombinert med det varme klimaet som er i Nerja, gir ein  blomstrande landbruksnæring. Nesten alle typar frukt og grønnsaker kan dyrkas i dette austlege Costa del Sol området.
For i Nerja er det i tillegg til mykje sol, også flust med vatn. Sjølv om det dei siste 3 månadene berre har regna eit par dagar, renn elvane ganske friskt. Smelting av snø på Sierra Nevada og Alpujarra, som har toppar på over 3500 meter, gir jamn tilførsle av vatn. Namnet Nerja tyder jo nettopp "staden med rikeleg vatn". Her har bøndene det enkelt med vatntilgangen. Det såg eg i går når eg balanserte på levadaene  og kraup under akvaduktene.
Fantastisk, tenkte eg. Her held vatnet seg på bakkenivå. Dei slepp dette våte stoffet i lufta. Det med har så mykje av på Vestlandet. Slik er det her, iallfall førebels.
PS: 19 grader midt på dagen. Full sol, lite vind og mykje glede.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar