Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 21. februar 2012

Marknadsdag

I Nerja er det marknad kvar tysdag og sundag. Eg handlar sjeldan på slike stader, avdi eg er så lite flink til å  pruta. Uansett kva avslag eg får, føler eg meg alltid lurt. Det var difor med blanda kjensler innanfor t-skjorta at eg vart lokka med dit idag. "Bli med å sjå på folkelivet vel,"  sa dei. "Ok då," sa eg.
Eg pakka verdisakene mine i armhuleveska. Denne fantastiske safen som eg har kjøpt på handysize butikken i Oslo. På slike marknadstader er det jo ikkje trygt å ferdast. Det har eg høyrt frå ansvarleg hald. Rett nok har eg aldri høyrd om menn som er blitt loppa på marknad. Det er nok avdi mennene ikkje går så lidenskapleg inn i situasjonane at dei gir alt og gløymer å te seg med varsemd. Når varene skal vurderast og prisane skal prutast ned, kan nokre gløyma seg så aldeles bort.
Turen til marknadsplassen gjekk i grisgrente strøk langs elvekanten. Dette er lausbikjene sit territorium. Når ein møter 4 velvaksne hundar av ekte spansk gardabikkjerase, vert ein skjelven. Då bryt ein av næraste sukkerrøyrstamme og strammar grepet rundt den så knokane kvitnar. Ein kjenner seg som ein spansk torero i møte med ein toro. Heldigvis brommar ein sluskut men myndig senor ein eller annan stad  bak eit gjerde, noko som får hundane til å leggja halen mellom beina og luska skjemd vekk frå meg og kona. "Oi, kvifor gjekk me ikkje normalruta til marnadsplassen," seier me i kor.
Eg har høyrd at når varene på markaden er prisa, så skal ein ikkje pruta. I Nerja er alle varene prissett. Eg likar det best slik. Då er det orden og system på sakene, og eg føler aldrig at eg vert lurt. Nokon har bestemt at slik skal prisen vera. Då skal den vera slik, trur eg. Då kan eg og handla. Og når i tillegg seljarane er tolmodige og ikkje renn deg overende berre du glyttar litt omkring, kan eg handla enda meir Så idag gjekk eg ikkje tomhendt heimatt. Men rett skal vera rett: Eg gjekk slett ikkje heimatt. Eg bussa. Og på bussen var det berre toføtte, og dei knurrar vanlegvis ikkje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar