Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 5. mars 2012

Tidene skiftar

Det er sundag, og ein ny solskinsdag. Eg sit på balkongen i 20 plussgrader og med ei  klokke som syner 18.30. Sola står lågt over åsane vestover mot Malaga, og duene kokoar på sitt mest intense nett på denne tida av døgeret. Naturen har fått startsignalet. Våren er ikkje berre på veg, han er komen.  Etter regnet for eit par netter sidan, er det som om alt eksploderer nå. Biene gjer det med blomane på marka, og duene har seg i luftekanalane på taket.
Me gjekk "fjelltur" til tårnet utanfor Maro idag. Det er eit av desse runde, gamle vakttårna bygd av dei kristne på 1700-talet. Det kan vera bratt opp til dette tårnet, særleg om ein først går feil veg  nedover mot sjøen. "Do you know the way to the tower?", spør 2 engelske middelalderpar oss. "Jepp," seier me og tek av frå vegen oppetter ein smal og bratt sti.  "We are definetly not going that way," seier ein av dei, "even if it should the correct path."   Men like etter kjem likevel alle 4 krypande på alle 4 bak oss oppetter  lia. Det var sjølvsagt feil vegval me tok, men med kom då fram til slutt. Som takk for fjellførarjobben med påtok oss, knipsa ein av dei engelske eit bilete av oss på toppen. For at me kunne ha med oss eit prov nedatt på at me begge hadde vore der, som han sa.
Opphaldet vårt går over i ein ny fase  nå. Etter ei veke med hyggeleg besøk av Markus og faren, sit me nå aleine attende i bustaden. Det var mykje aktivitet og spillopper med dei to karane i huset. Store utfordringar og mange overraskingar. Markus er ein kreativ krabat med mange tankar og idear i hovudet. Særleg vart eg satt på prøve når han og eg skulle spele med ninjakort. Reglane var eigenproduserte og tilpassa situasjonen av Markus. Eg tapte kvar gong. Tilslutt sa Markus: "Men farfar nå må du følje med. Ser du ikkje at eg juksar då?" Eg såg jo ikkje det,for eg skjøna aldri noko korkje om talverdiane på korta eller rekkefølgja i spelet. Dei er avanserte desse barnespela nå til dags. Iallfall Markus sine.
I veka me nå går inn i. kjem nye slektningar innom i Nerja. Svigerinne og svoger frå Stavanger som nå ferierer i Torremolinos, buset seg i Capistrano for eit par-tre døger. Eg undrast på om dei kan gi meg like store utfordringar som Markus? I såfall vert det nok på andre plan. Den som lever får sjå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar