Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 26. april 2012

No lauvast det i li

"Eg ser ikkje åsen på andre sida av vatnet idag," seier kona. Sjølv sit eg i stresslessen min, type Dream frå Ekornes. Eg sit me min Acer Aspire på fanget, og prøver få innblikk i kva nettavisene skriv om idag. Det som fangar mest merksemd, er Aftenposten sitt oppslag om eit amerikansk fly som brøyta seg veg i lufta gjennom ein flokk med gjess, og som så måtte naudlande med ei dau gås på cockpitvindauget. Pilotane mista heile sikta. Ja amerikanske fly er ikkje å spøke med, tenkjer eg. Dei har hatt blod på vengene før.
"Er det gjessene som sperrar for utsikta?" spør eg. Kona ser spørjande på meg. Ho har det blikket som stundom vert teke fram når det er vanskeleg for henne å vita om det er demens, humor eller trakassering eg driv med. "Grågåsa er forlengst passert," seier ho. "Det er bjørka som slår med vengene nå, lauvet er framme." "Kva er det du vil sjå på andre sida av vatnet då?" undrast eg.
Kommunikasjonen gjekk i stå. Eg må skjerpe meg. Eg prøver å ta opp tråden att. "Vonar sikta vert betre når me reiser til USA om 2 veker," seier eg.
Skal tru om det lauvast på Capitol Hill i Washington, og om gjessene gassar seg i Central Park i New York. Skal tru om duene har skite på Benjamin Franklin i Philadelphia og om det blomstrar på MIT i Boston.
Me får sjå. Men at det lauvast på Husnes nett nå, er tydleg. Difor er det så vanskeleg å sjå åsen på andre sida av vatnet. Kona slit og med det.

2 kommentarer:

  1. Vågar du å flyge heilt til Junaiten no når fuglane kjem?

    SvarSlett
  2. Eg flyg med Icelandair. Dei har vore i askeskya og kan difor det der med å flyga i blinde - trur eg.

    SvarSlett