Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 2. april 2012

Påskehuler

Hadde eg framleis vore lærar,ville eg vore godt inni påskeferien nå. Den gongen var det om å gjera å koma seg avgårde til hytta på påskefjellet tidlegast råd. Det var om å gjera at kona, som ikkje var lærar, også klarde å forhandla seg fri frå jobben tidleg. For henne var det ein hard kamp mot alle dei andre som også på død og liv skulle tidleg avgarde.
Etter eg lot meg pensjonera, har eg holdt fast på det med å koma meg tidleg avgarde. I år er ikkje noko unnatak i så måte. Jacob, Emilie, kona og eg pakka skia på biltaket palmelaurdag, og surfa med snøscooter dei 2 kilometerane inn i fjellet frå bilvegen. Eg på scooteren, bagasjen i tilhengaren og dei to barnebarna hengande etter i eit langt tau. Føret var knivskarpt så dei to små hausta mykje lovord for skidugleiken sin frå bivonande telemarkingar. "Å klara dette utan fall heile vegen, er det sjeldan at til og med vaksne klarar på slikt føre," vart det sagt. Og eg veit godt kva dei snakkar om. Ikkje så få gonger har eg sjølv hengt bak i tauet og tryna i fonna både ein og fleire gonger på same turen. "Køyr varsamt," har eg sagt til scooterkøyraren. "Hugs eg er oppvaksen i fjæresteinane på Vestlandet, så skidugleiken er deretter." Då har den scooterkøyrande telemarkingen gassa ennå meir på.
I år er det kaldt i fjellet. Natta enda på -12 grader og dagane ligg rundt -5. Det har gjort snøen hard som betong og skiklisteret mitt til å høva dårleg med kuldegradene. Mitt påskeklister er for temperaturar som ligg fleire hakk over dette.
Men om ikkje skiføret er det beste, så eignar snøen seg framifrå som byggemateriale. Øks og sag er reiskapen som gjeld i år. Med dette utstyret vart kuber og parallellepipeder nensomt skore ut av snøen, og gilde byggverk reist. Igloar, kallar eskimoane det. Me kallar det påskehuler.
Så sjølv om påska ennå er ung, har me vore produktive. Om skaren held seg, og om saga framleis bit, kjem dette til å enda med ein heil påskelandsby. Og det utan byggeløyve frå Vinje kommune. Forøvrog svært i stil med resten av byggeaktiviteten heromkring.


5 kommentarer:

  1. Flott at du greier deg så bra, jamvel om du ikkje har påskeferie lenger!
    Ha ei fin helg og grav deg ned i tide!

    SvarSlett
    Svar
    1. Å grave seg ned er ikkje mogleg i denne betongsnøen. Eg held meg på terrassen og nyt raudvinen min. Ein grei overlevingstrategi. God Påske.

      Slett
  2. Når du nå har begynt å bygge landsbyer på fjellet, må du huske å legge ut Lua eller pappeske til "kollekten", slik de gjør på stranda i Spania. Det kan bli en fin ekstra-slant tjent i påskeferien, hvis mange nok passerer og fotograferer. Ha en god påske uansett

    SvarSlett
  3. Ein framifrå ide Gunhild. Ha ei fin påske og kos dokke med alle pengane Alf tigga til seg i Torremolinos

    SvarSlett
  4. Alf er bare sjeleglad for at det ikkje var nokon som stjal Lua hans - og i våre dager må vi tenke på at alt kan skje.

    SvarSlett