Når
nettene blir lange, vert det lite att av dagen.
Når kulda set inn, minkar sannsynet for å kjenna att folk. Dei som vågar
seg ut i den låge sola, har vore i kleskapet først. Dei dreg på seg lag på lag ,
og er ikkje til å kjenne att når dei kjem utanfor døra. Alle vaggar avgarde som var dei Neil Armstrong på månen. Vil ein vere
på den sikre sida, er det best å helse på alle. Då slepp ein å bli oppfatta som
overlegen og arrogant. Nett som den gamle Overlegen ved ein herverande psykiatrisk
institusjon gjorde, då han som vanleg gjekk fremst i 17. maitoget på midten av
forrige århundre. ”Kven er denne karen som går og helsar i hytt og ver”, spurde
nokre. ”Det må vera ein pasient”, meinte andre. Men dei som sa slikt var
tilreisande, og hadde lite innsyn i maktstrukturane på staden. Lokalfolket kjende sjølvsagt alle han som sat høgast på
pyramiden, og var stolte av å bli helsa
på av han.
Eg er
nett heimkomen frå Puerto Rico. Der var lyset klarare og vinden mildare. Der
var det enklare å fokusera menneskekroppane
på netthinna mi. Dei brukte lite klær i
Puerto Rico. Dei var varme, sa dei. At magane hang og pattene slang, var greitt. Det er det som er under
panseret som tel, var det og nokon som ymta om. Vanskeleg kunne det vere å kjenna
folk att når dei visualiserte så mykje av lekamen sin. Men i Puetro Rico helsar folk på
kvarandre uansett. Ikkje når ein går mellom solsengene på stranda heldigvis,
men oftast elles. Særleg når ein kryssar
det eg oppfattar som ”helsegrensa”, som
kan samanliknast med ”tregrensa” her til lands. Når ein trør i trimskoa og svetten renn i stride straumar
saman med sololja ned i augene, då helsar folk. Kva ein ser er eg usikker på, men alle helsar og helst norsk.
Anten ein er ved ”Våres” plass eller ved ”Øyvinds” plass,
er det nett som å treffe folk på Kaldestadåsen. Dei helsar og pratar som om dei
kjenner deg. Då gjeld det å gjera gode
miner til den slags spel. Sure vestlendingar i kanariske høgfjell, er om mogleg
verre enn arrgogante svenskar på luksushotellet El Greco i Puerto Rico.
Apropos svenskar: ”På aftonen når jag kom ner till staden ...”, sa Fridjof då han var i Arkadien. Slik er det
i Puerto Rico også. Der helsar alle på alle på promenaden, på baren
og ikkje minst på dansegolva. Men då er
jo sentralnervesystema stimulerte og sjølvbileta
blankpolerte.
Det er 15
dagar att til jul. Me er komne til den tida då gode helsingar og lukkeynskjer står i fokus. Det er helsingar som går vidare
enn til hei og hallo. God Jul og Godt nyttår, skriv mange. Dei skriv det på
kort som stundom er måla med munnen av folk utan armar, kort dei har fått i
postkassen og presumtivt betalt for , om
ikkje dyrt, så iallfall rettferdigt.
Andre skriv lange avhandlingar om kva dei har gjort sidan sist dei lot
høyre frå seg. Dei er ofte masseproduserte og hamnar i postkassa til nære og
fjerne bekjente. Atter andre sender ut E-postar, facebook innlegg, twitrar eller
berre skriv ein blogg, som er åpen for all verda. Ei global julehelsing, som
skal nå ”alle”. Tanken er god, men
eigentleg er det latmannsverk det der med blogging.
Men ”hvor
om allting er”, God Jul til allverden, og særleg til deg frå meg også iår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar