Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 16. mars 2012

Ei reise i Spania

Me vart lokka av slekta vår frå Stavanger til å besøka dei i Torremolinos. Denne sterkt turistifiserte byen ligg 20 minuttar med tog vest for Malaga. Me her i Nerja har i tillegg halvannan time med lokalbussen inn til Malaga, så dette vart ei utflukt som kan samanliknast med å reisa til sonen min på Karmøy. Då tenkjer eg tid, slett ikkje kommunikasjonar. Her er ingen Norled som innstiller ferjerutene sine etter eige forgodtbefinnande, eller bompengeinnkrevingar bak annankvar sving. Her er ingen krøtterstiar å forsere, slik som på europavegen gjennom Etne eller 58 år gamle bruer der ein bør bringa med seg matpakke og varm kaffi for å overleva rushtrafikken.
Me er i EU nå. Her har dei skjøna at god infrastruktur er om ikkje rekningssvarande, så ialfall gode greier for folket. Dei skjøna det den gongen dei hadde pengar. Det har dei  ikkje lenger, men vegane har dei. Motorvegar går ikkje konkurs. Dei som kosta 140 millionar Euro pr km å bygge. For her bygde dei ikkje motorvegen etter terrenget, dei bygde han etter same prinsippet som Vår Herre bygde Middelhavet: bortimot vassrett og med få krusningar.  Etter at 4 felts vegen i tunnell har skjore seg gjennom  det kalkrike fjellet, går han rett inn på ei bru som vanlegvis er lenger enn Askøybrua, som sonen min sa det. Ikkje avdi han går over sjø, nei berre over ein dal som det ville vera brysamt og miljøfiendleg å køyra ned i. 40% av vegstrekninga går i tunnell eller på bru her ved Nerja. Så ingen skal få gehør hos meg om eg vert fortald at det er kostbart å byggje veg i Noreg. Dei skal få seg ein på kjeften, trur eg.
Bussen til Malaga er komfortabel. Mjuke seter med sikringselar, luftkondisjonering og utan motor. Iallfall høyrde ikkje eg noko motorstøy inni bussen. Ruta er regelmessig og meg  god frekvens. Men diverre er det mange som elskar desse bussane og desse tålmodige bussjåførane. "Ja berre gå på do du,"seier sjåføren til ei trengd kvinne før han køyrer  vidare. Alt ved Torre del Mar, er bussen nesten full. 3 ledige seter er det når bussen stoppar der, og det står 10 passasjerar på haldeplassen. "Kva nå?" tenkjer eg. Jo sjåføren løyser det greit. Han stoppar bussen, går halvegs utanfor og held ein liten men humørfulgt tale til sine potensielle passasjerar. Han avsluttar med å legga ansiktet i litt sørmodige faldar, og slepp inn berre 3 av flokken. Spanjolane er tolmodige. Dei venter gjerne til neste buss. Berre nokre nordeuropearar murrar litt.
Me skiftar til undergunnen i Malaga. Den går vekselvis under og over bakken. Forbi flyplassen og vidare til Fuengirola. Me stig av i Torremolinos. Eit splitrande nytt tog og skinnesett, som til og med overgår toget frå Stansted til London. Og på Stanstedtoget kunne eg jo i si tid ha eit lite beger med Gammel Dansk ståande på bordet framføre meg utan at det oppstod krusningar på overflata. Nå skal eg likevel innrømma at det begeret stod ikkje lenge med veske i om gangen.
Å oppleva Torremolinos med sitt folkemylder og høge hus, var som å oppleva Husnes etter å ha vore på Samlebu i nokre veker. Ein nådelaus plass der ein ikkje lenger kunne gå å seie hola og hallo til alle ein møtte. Om ein satsa på det fekk ein ikkje med seg alle tilboda i souvenirbutikkane. Men slektningane var det hyggelig å møte. Det vanka både kyss, klapp og klem. Og hotel Cervantes var framifrå, med ein rikhaldig frukostbuffe. For fyrste gong på 6 veker slapp eg å laga frukost. Berre det aleine var verd turen.

1 kommentar:

  1. Etter 14 dager som vandringsmenn under solrike forhold, er vi i skrivende stund tilbake i Stavanger. Her er det 4 grader og neglebit. Det gløder i peisen og varmepumpa går for fullt igjen. Til tross for dette, blomstrer både krokus, snøklokker og primula om kapp, så vårentegnene er åpenbare. Våren er like om hjørnet, vi håper den kommer skynder seg.

    SvarSlett