Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 19. mars 2012

Fritt val med konsekvensar

Livet er som det er og blir som det blir, har eg lest ein stad. Eg skjønar ikkje kvifor den setninga rann meg i hug nett nå. Trua på at alt må vera som det blir, er ikkje min filosofi. Eg er ikkje deterministisk av legning. Eg meiner livet mitt vert styrd av dei vala eg gjer i kvart vegkryss. Ein kan gjera mange slags val: intelligente, kloke, jålete og toskute. Sikkert mange andre og, men det er vel slik at når ein først har valt, ja så blir det som det blir fordi ein sjølv har valt det alternativet.
Laurdag gjorde eg eit toskute val. Sjeldan står eg fram og vedkjenner slikt, eg er for stolt til det. Men når eg på Flaggruta midt i Langenuen såg at snøen låg rundt TV-masta på Stordalandet, skjøna eg det. Kvifor i allverda vart eg ikkje lenger i Nerja? Kvifor reise heim nå? Og då eg i dag tidleg vakna til plenar med snø på, kvit og kald snø, vart eg aldri så lite angren.
Men eg skal ikkje ligga lenge med brukken rygg. Eg skal reisa meg igjen. Eg skal leita etter teikn på at valet mitt ikkje var udelt toskut, det gav berre nokre uventa konsekvensar. Eg har alt funne nokre varmekjelder i vinterkulda:
  • Ein velkomstseremoni med jublande barnebarn som fylte fanget mitt til trengsel, varma mykje. Eg er ennå lemster i kroppen og høg i blodtrykket etter den gleda. Dette var ein velkomst 10.000 gonger varmare enn den eg fekk i resepsjonen i Capistrano.
  • Ein heimelaga torskemiddag er 1000 gonger betre enn lenguadoen frå Middelhavet om restauranten triksar aldri så mykje.
  • Dagens raske trimtur i norsk natur er 100 gonger betre enn trasking langs plastikkdrivhusa på Costa del Plastic utanfor Nerja. Sjølv om eg måtte byta solhatten ut med øyreklaffhua.
  • Og dusjen då. Den eg kan kosa meg i utan å måtte klatre opp i eit såpeglatt badekar, og der badegolvet er like tørt sjølv etter dusjinga. Det er 10 gonger betre enn i Nerja Villas.
Så det er vel både eit spørsmål om korleis ein har det, men ikkje minst korleis ein tar det.
Eg får ta det med fatning. Men eg innser at mine frie val kan gi uana konsekvensar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar