Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 16. februar 2012

Granada og "Det raude slottet"

Å vera i Nerja utan å besøka Alhambra (Det raude slottet), er som å vera på Samlebu utan å ta turen opp til Magnhildshellene. Då føler ein det er noko som manglar, og då angrar ein seg når ein reieser heimatt.
Nå er det maklegare å koma seg frå Nerja til Granada (der Alhambra ligg), enn det er å koma seg til Magnhildshellene. Sjølv om turen tek omtrent like lang tid (ca ein time), går det motorveg  om ikkje heile vegen, så iallfall lange strekningar opp til Granada. Til Magnhildhellene er det ski som gjeld på denne tida. Men felles er likevel at ein skal kle seg godt begge stader. Granada ligg rundt 750 moh og Alhambra rundt 100 m høgare.
Til liks med på Samlebu er grunnen svært rik på jern. Her er det leira som er metta med jern, på Samlebu er det myra.
Når me steig ut av bussen på Alhambra, var temperaturen 4 grader Celsius. Eg hadde kledd meg like godt som når eg går til Magnhildshellene med unnatak av stillongsen. At eg ikkje trekte den på, var ein tabbe. Den guida omvisinga tok 2,5 time. Det var eit imponerande skue, og ein imponerande italiener som snakka både arabisk, spansk, fransk, engelsk, tysk og sjølvsagt italiensk. I tillegg hadde han ein framifrå gestikulajon og ein talande mimikk. Til oss snakka han engelsk inn i ein mikrofon som på bluetooth vis sende lyden inn i høyretelefonane me fekk over hua. Stundom slo han over til arabisk, for å få oss i det rette lunet, som han sa.
Alhambra er jo slotta og hagane etter maurerane (muslimar) som rådde i denne delen av Spania i rundt 700 år. I 1492 jaga dei kristne ut att maurerane, og gjenerobra landet sitt. Men arabisk kultur og språk er ennå i sterk grad prega av at landsdelen var under islamsk styresett i så mange århundrer. Me ser og høyrer det ikkje berre i Granadaområdet, men langs heile kyststripa her i sørvest Spania. Me ser det på byggestil, på genmateriale og på ein god del ord som kjem frå arabisk. Til dømes alle desse spanske orda som startar med al.
Nede i Granada der med vandra både med og utan ein annan guide, traff vi og (mellom anna på silkemarkedet), arabarar som ville ha attende Alhamra. Men guiden vor berre lo av dei og meinte at den bussen nok var køyrd.
Granada er studentbyen over alle i Spania. Her bur 250.000 fast, mens det er 80.000 studentar. Det pregar bybilete, særleg nattestid. Her svingar det meir enn i Bergen på 60-talet. Skildnaden er berre den at eg svinga meir på 60-talet enn eg gjer idag. Så eg måtte nøya meg med to pils og ein pizza nå. Men den blei innteken på fortauskafe i solskinet. Og eg fekk to ord med ei spansk studine. Så eg følte jo at det svinga litt. Men sidan både ho og eg hadde partnerar med oss, vart det dempa svingningar som me kallar det i fysikken. Svingningar som døyr ut.
Slik gjekk onsdagen. Ei utflukt som varde frå kl 8 til kl 19. Ein innhaldsrik dag. Og eg kunne hatt med ski og. For frå Granada opp til Sierra Nevada der me såg snøen låg, er det berre 45 min køyring. Sjå snøen, sa guiden. Er det ikkje fantastisk. Ho fekk ikkje så stor respons på det frå alle oss nordeuropearer som var i bussen. Me ville heller køyre 45 min andre vegen. Då var me ved stranda.
Dit ville også Christoffer Columbus. Eg såg korleis han knela i bronse framføre kongen og dronninga i Granada for å verta sponsa. Han ville til sjøs. Ville oppdaga sjøvegen til India. Men han fann Amerika. Slik sett, ein mislykka tur. Men han fekk iallfall seile. Me bussa, og fann attende til bustaden vår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar