Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 24. mai 2012

På flyplassen

I Boston ligg flyplassen nesten inne i sentrum, iallfall berre 10 minutt derifrå. Og då meiner eg med bil, slik alle amerikanarar meiner når ein spør dei om kor langt vekke ting ligg. "Five minutes up the hill", sa dei  meg i Marlborough, då eg spurde kor langt det var til polet. Det vart ein heisen gåtur med tung last den kvelden.
Eg er tidleg på flyplassen. 3,5 timar før avgang. Umogleg å vite korleis trafikken er ut hit, særleg når eg har bussa frå Salem idag. Trafikken var heftig, men me rulla nokolunde jamnt. Når me nådde flyplassen, hadde bussen trilla ialt 2900 km på desse 14 dagane. Det har gitt meg ei flat rumpe og ein rund mage. Eg må nok legga meg i trening når eg kjem heim, om eg skal få opparbeid sprettrumpa mi igjen. Det er jo det som er inn nå, har eg skjøna.
Gaten til Icelandair er stengd, sikkert i fleire timar ennå. Mannfolka sit og sløvar på benkene, men kvinnene vandrar. Kvilelaust omkring fer dei frå dutyfree til dutyfree. Dei som ikkje har dollar att, ransakar mannen sine lommar. "Kor har du pengane", spør ho. "Nei sei det", seier han. "Finn dei fram", seier ho. "Utan penger er du ingenting verd". Han gir opp, og gir frå seg både pengar og kort.
Icelandair flyg meg til Bergen via Reykjavik. Dei gir meg lov til å sjekka inn to koffertar a 23 kg pr person + 10 kg i håndbagasjen. Dette gir dei det konkurransefortrinnet dei treng, for å klara seg greitt i desse harde tider i lufta. Og så slepp dei ut ei askesky innimellom, noko som set mange konkurrentar på bakken. Men dei er knipne med maten og drykken. Alt må betalast for, noko eg ikkje er van med på andre interkontinentale ruter drivne av andre selskap. Men slik er det vel på Island. Smått med mat og drykk på det forblåste landet.
Det er ei nattflyging eg skal på. Startar kl 21.30 lokal tid og landar i Bergen 12.30 i morgon norsk tid. Då er den biologiske klokka mi, som har stilt seg inn etter amerikansk tid, berre 06.30. Så det blir ein lang torsdag. Eg kallar han langtorsdagen mai 2012. Eg er jo heller ikkje heime når eg kjem til Bergen. Då har eg mest som ei amerikareise att, før eg rekk Husnes.
Trøysta får vera at reisetida for dei fyrste emigrantane som kom med "Mayflower" i 1620, var nokre månader lenger. Så det har jo blitt betre med åra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar