Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 5. april 2012

Sol og sjølvstende

Kona står ved vindauga. "Det snøar ute," seier ho. "Så flott," seier me andre. "Då vert det styresnø." Kona likar det berre sånn passeleg. Ho ønskjer ikkje himmelen dekka til idag. Ho vil ikkje at solkremen på framsida av hovudet skal vera påsmurd til fånytte. Ho nyttar faktor 10, men insisterer på at eg skal dobla faktoren. Eg meiner det er heilt unødvendig. Eg har jo vekegammalt skjegg på kinn og kjake

Det pistralege skjegget som eg har duger ikkje til det heller, meiner ho. Så det vert å grisa seg til med solkrem, også idag. Men det er greitt nok. Kampen om solstrålane er ikkje kva den eingong var. Før i tida kunne ein sola seg, ikkje berre i strålene frå sola og dei refleksane som snøen gav, men også i glansen frå utsegn som kom etter påske. "Gu så brune du er," sa folk. Og eg fekk høve til å leggja ut om knallblå himmel og skiturar over uendelege fjellvidder. "Jo det var bra," sa eg. Nå for tida er eg brun på heilårsbasis. Eg fangar meg sol på meir global og kontinuerlig basis. Eg er ein globetrottande pensjonist. "Gu så brun du er," sa folk i mi tidlege AFP-tid. "Har du vore i syden," spurde dei gjerne. Nå spør ikkje folk kvarandre om slikt lenger. Å reise verda rundt i aust og vest er blitt allemannsaktivitet, iallfall blandt dei norske pensjonistane. "Alle " gjer det. Så nå må eg reisa meir for eiga enn for andre si nyfike. Likevel er det noko spesielt med dei solstrålene som kan fangast i 1000 m høgde. Dei er kvassare, og skjer seg raskare inn til sjeledjupet. Dei mildnar hugen, og dosen med blodtrykksenkande medisin kan reduserast. "Nå kjem sola," seier kona brått. Ok. Eg finn fram den digitale UV-målaren min, stiller inn hudtypen til min sort, seier kva solfaktor eg grisar meg til med, og vips så har eg info om kor mange timar eg kan sitta i sola. Fantastisk. Nå er eg ikkje avhengig av kva andre synsar om min "bliven og væren" korkje ute eller inne. Å vera sjølvstendig, og vita kva ein driv med, det er viktig i livet. Særleg i sola. Særleg i påska.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar