Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 14. februar 2012

Tapaskveld og slumpetreff

Tapas er eit spansk måltid. Ei samling smårettar nærast som "snacks" å rekna. Ei blanding av alle moglege og umoglege smakar med mykje god drikke til. Laurdag var me invitert til tapaskveld. Slekt til vener av oss på Husnes, bur like i nabolaget vårt. Dei har teke i mot oss på ein så framifrå måte, at opphaldet hittil har blitt svært så hyggeleg.
Me var 8 personar rundt bordet. Alle var norske, og dei fleste spreke pensjonistar. Særleg vart eg imponert over denne 75 år gamle sjøkapteinen som hadde sjefa på store oljetankarar  sidan han var 26 år gammal. Norges yngste kaptein i slik ein fart den gongen. At han avslutta  karriera si i Libya med oljetransportar langs kysten der, gjorde at han var spennande å lytte til. I morgon skal kona og eg ut på guida byvandring saman med mellom anna han.
Men attende til tapasen. Noko smårettar var det på ingen måte snakk om på laurdag. Me sessa oss rundt eit langbord dekka av vertskapet med fantastiske rettar som spente frå gode paiar til sterke, men også milde lekkerbitar av mange slag. Og i Spania kan alle berre velgja kva ein vil drikka til maten. "Me har alt her", som vertinna sa. "Om nokon seier slikt i Norge er dei anten søkkrike eller brenn heime", sa eg. Slik er det ikkje i Spania, blei eg forsikra.

Slumpetreff, er det noko som heiter i sannsynrekninga. Det er klart mogleg å vinna i lotto, men sjansen er nanoskopisk for at eg skal gjera det. Difor blei eg nesten litt skremd av å høyra at vertskapet, som eig eit kjempehus saman med eit anna norsk par, nemnde namnet til ein av ungdomskameratane mine. Rett nok ein litt perifer kamerat av meg, men godt kjend og nær nabo av kona mi i hennar ungdom. Me mista kontakten med denne karen etter gymnastida, då han drog til Oslo og eg til Bergen. Utruleg at det nå skulle visa seg at han var medeigar i huset der eg åt tapas på laurdag. 
Slumpetreff? Eg blei litt kald nedetter ryggen då, sjølv om eg hadde fått både øl og dram å varma meg på. Eg sa alltid til mine elevar i matematikktimane då eg underviste i sannsynrekning: Ikkje kast bort pengane de har på spel. Sjansen for at nett du skal vinna er så liten. Og så rekna me på kor liten sjansen var. 
Kanskje eg likevel skal levera inn ein kupong til laurdagen. Mykje rart kan skje skjønar eg.

1 kommentar:

  1. Verden er så stor, så stor......men det var før i tiden. Nå er kort vei til det meste, og en vet aldri hva - eller hvem - en treffer på.

    Hørtes ut som dere hadde en skikkelig koselig kveld.

    Mye her i verden er "tilfeldighetenes spill", derfor har jeg som regel alltid en kupong innlevert for alle tilfellers skyld.

    SvarSlett