Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 9. april 2012

Berekraftige barnebarn

Påsketuren er avslutta. Eg er attende til låglandet der regnet ausar ned. Kontrastane er store frå gårsdagen, som baud på kvite vidder og blåe temperaturar. Der kunne vatnet berre framskaffast på to måtar: anten ved å smelte snø i ei gryte på vedomnen eller sende barnebarna avstad med tomme kanner til den manuelle nikkepumpa, som  er å finna 60 meter frå hytteveggen. Under heile Spaniaopphaldet i vinter måtte eg bera kjøpevatten frå SuperSol butikken opp til bustaden. Der var det 600m og motbakke. Sett i det perspektivet var vatntilgangen enklare i påska, iallfall for meg. Men billegare vart det ikkje. Barnebarn set høge prisar på pumpevatn.
"Kor kjem pumpevatnet frå, morfar," spør dei. Eg klør meg i storehjernen og lurer på korleis dette kan forklarast for ein gjeng  med eit alderspenn frå 5 til 12 år. Eg kjem raskt fram til at her må forklaringa nivådifferensierast.  Omgrepet grunnvatn vert lagt til nivå 2, mens boreteknologi hamnar på nivå 1.
"Om me pumpar opp grunnvatnet, vert det vel tomrom under jorda slik at heile bakken kan falla ned?" vil nokon veta. "Jo om me ikkje forvaltar ressursane på ein berekraftig måte, så kan det skje," seier eg. "Har det skjedd nokon stad, morfar?".  "Ja, det har skjedd i Mexico," meiner eg og kjenner meg ørlite langt utpå nå. "Kva tyder berekraftig?" vil dei veta. "Det tyder at me ikkje må bruka meir av grunnvatnet enn at tilsiget klarer å balansera uttaket vårt."
"Har det blitt tomt i borehullet ditt her morfar?" spør dei. "Ja ei påske skjedde det." "Oi, då kunne jo heile påskefjellet falle saman," meiner dei. "Er det difor du smeltar snø morfar, for ikkje å bruka opp grunnvatnet.?
Eg synes det er på tide å avslutta denne praten omkring vassforbruket, men dei gir seg ikkje. "Vatn er dyrt," meiner dei. "På bensinsjasjonen kostar det 25 kr for ei halvliter vassflaske. Det vert 50 kr literen det. Eg har sikkert bore 100 liter  til hytta. Dette kan bli dyrt for deg morfar." "Vel, du får notera, så tek me lønsforhandlingane når me kjem til låglandet att." seier eg og tenkjer at streik må eg iallefall prøve å avverge. For vasstilgangen var unektleg komfortabel med desse berekraftige barnebarna.
I dag regnar det ute, og inne strøymer vatnet klart og reint ut frå både dusj og kjøkenkran. Herleg vatn, som slett ikkje endrar grunnvasspegelen. Eg let det strøyme i lange tider og strie straumar frå dusjen over heile meg. Om det er reint når det treff meg i hovudet, så er det langt frå drikkande når det renn ut gjennom sluken i dusjkabinettet. Ei veke fjellsvette set sine spor. Men eg let vatnet renne med godt samvit. Så lenge det regnar ute er eg trygg på at forbruket mitt er berekraftig. Og så er det bortimot gratis då, iallfall i høve til påskevatnet.

1 kommentar:

  1. Behøve ikkje vera redd for at grunnvatnet minkar. Det ausar ned ganske regelmessig..

    SvarSlett