Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 21. april 2012

Når vårsol i bakkane blenkjer

Det var på torsdag eg merka at noko var på gang. Sjølv sat eg i korridorane på helsesenteret og venta på tur. Eigentleg kom eg ein time for seint til avtalen med legen min, men som den gode kunden eg er, vart eg likevel tatt hand om utanom tur. Eg slapp inn bakvegen, så ikkje dei forventningfulle venteromspasientane skulle bli arge avdi dei måtte venta ennå ein halvtime i helsekøen. Det var då det skjedde. Lengst inni ein helsekorridor utan vindauge ut mot livet, passerte helsesystera meg. "Våren er her," sa ho. "Er det ikkje flott?". Er våren her, tenkte eg. Skal han og snika i helsekøen?
Først når eg gjekk heimatt, skjøna eg at helsesystera hadde hatt vindauga ut mot verda på kontoret sitt. Ho hadde sett teikna. Ho hadde sett skjora som streva med dei alt for lange kvistene til reirbygginga. Ho hadde sett dei gravide kattane som vagga omkring på plenen utanfor, og dei gravide ungjentene som vagga omkring i venteromskorridorane. Ho hadde sett trekkfuglane sin retur frå syden, tilliks med pensjonistane som også nå var attende til "si heimlege strand" fordi det blenkte av vårsol i bakkane rundt helsesenteret. Nå kjem dei dit for å få påfyll i medisindåsen sin, og for å sjekka kor mykje leveren har krympa etter eit tøylelaust nytingsopphald der sola skin inn i dei mørkaste kroppskrokane, også om vinteren.
Eg gjekk heim og reiv av bordkledninga på søre husveggen. Nå fekk den norske vårsola sleppa inn i dei mørke avkrokane på huset mitt. Råma fekk turka opp og sagrusk mellom spikerslaga bak dei morkne borda fekk blåsa bort i vårbrisen. Og huset likte det som skjedde. Særleg då eg spikra på plass nye kledningsbord, vart det mykje positiv tilbakemelding. Nå kan eg ringa barnebarnet og be han koma med beisekosten. Han ventar på ein vårprat med farfar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar