Ein gang i tida sette eg meg som mål å lære spansk. Eg trur det var på 80-talet. Eg investerte i bøker og kassettar, følgde radio- og tvprogram. Este pais var kurset eg gjekk for, kalla. Då dreiv eg det såpass langt at eg kunne seie: Kofferten min er rød", på spansk. Eg hadde ingen rød koffert den gongen, difor vart spanskurset nok så bortkasta for meg.
Eg angrar nå at eg ikkje dreiv det lenger med kursinga. Denne vinteren i Nerja har gitt meg ein del språklege utfordringar som nok kunne vore betre takla om eg hadde vore meir språkkyndig. Særleg slit eg i ferskvaredisken på butikken. Alt det blodferske og innbydande som fins der både av kjøt, fisk, ost osb, er tydleg merka og ser fristande ut. Men lappane som er sette på med små nette spyd, er alle skrivne på spansk. Eg kan litt. Eg veit at cerdo er svin , pollo er kylling og toro er okse.Men det held ikkje. Det står så mykje anna på lappane i tillegg til eller i staden for dette. Eg bommar gang på gang. Dei hjelpsomme damene bak disken er like lite flinke i engelsk som eg er i spansk. Difor vert det mest å kommunisera ved spørsmål som mømø? nøffnøff? og kykeliky? I tillegg prøver eg å operere og gestikulere som eg hugsar slike dyr plar gjera. Og eg får alltid noko oppsnitta, vegd og innpakka når eg nyttar denne metoden.
"Å nei," seier kona når eg kjem heimatt frå butikken. "Kva nå?" tenkjer eg. "Svinkottelett i dag igjen," konstaterer ho. "Au vart det det," seier eg. "Eg bad nå verkeleg om ein halv kilo mømø." "Du må læra å artikulera deg," meiner ho.
"Ja, eller kanskje repetera litt spansk," seier eg. "Mi maleta est roja. " Var det det eg skulle seie om kofferten min tru? Ja om han hadde vore raud då.
Tips: heng ein ring i nasen før du går og handler neste gong, så ska du se du får okse:-)
SvarSlettTja, eg kunne jo ta med meg den spanske ordboka mi hvis du vil ha litt meir variasjon i kosten, men kva i all vera er det i veien med svinekoteletter. Det kan ein klara seg lenge med. Savnar du derimot fiskeboller, får du et par tips her og:
SvarSlettFiskeboller = Albòndiga de pescado
Fiskekaker = Trozos de pescado molido
Torsk og tørrfisk = Bacalao
Nå er det kun 5-6 dager til også vi vender nesa sørover, Håper dere er i fin form når vi sees igjen. Variasjon i kosten hjelper - hehe.