Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 5. januar 2011

Trettandedagen

I morgon er det 13. dag jul. Tradisjonen tru skal med avslutta julefeiringa då. Dette er dagen då inneklima hos oss er på sitt verste. Mykje inneliv, steikeos og julepynt i alle krør har sett sine spor. I morgon skal eg ta tak i dette. Få reinska opp så og seia. Fjelledelgrana har gjort jobben sin, det har ribba og. Den plassen som grana har okupert, vert med eit frigitt på stovegolvet. Slik er det ikkje med pinnekjøt, ribbe, sylte, waldorfsalat, osb, osb. Den plassen dette har okkupert, vert ikkje frigitt i morgon. Det ligg rundt vomba om ikkje til evig tid, så iallfall i uoverskodeleg framtid.
Den 13. dag jul kjem julebukkane. Nokon kjende, andre framande. Men dei fleste er born. Då er tida der for å tøma huset for karbohydrat og kaloriar. Då er tida der for å høyra julesongane i reprise. Ingen julebukkar får noko utan å ha prestert noko først. Då tyr dei fleste til ein julesong. Hos meg er det prestasjonsløn som gjeld. Klar i røysta og glad i hugen, gir meir i posen.
Den 13. dag jul er og ein viktig merkedag for været. Om det vert fint klarver på denne dagen, så blir det eit godt og grøderikt år. Dessutan kjem været me får denne dagen, til å vara i 13 dagar.  Yr.no gir lite håp om godt ver for trettandedagen. Sanneleg er eg glad for at turen til varmen er i boks.

2 kommentarer:

  1. Ikkje bra, ikkje bra, lovar dårleg for det nye året. Veit du ikkje at grana har rett til å stå til trettandedagen er over? Me skal ha henne til fredag, men då lyt ho ut.

    SvarSlett
  2. Ok. Om det er slik det skal vera, så får det bli sånn.

    SvarSlett