Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 27. januar 2011

Høgt og herlig

Aldri  såg eg fjellet grønare i denne klimasonen. To dagar regn har sett sine spor. I dag stråla sola og vinden var gått i hi.
Me drog på fjelltur. Puerto Rico til Arguinneguin. Då er me på 350 moh på det høgste. Me gjekk stiar me aldri før har valgt på denne ruta. 4 timar var me under høg og open himmel.
Folk er kjekke på slike koter. Alle seier noko på norsk. Nesten iallfall. Seier eg hallo får, eg 95% retur av hallo med norsk aksent. Oftast med nordnorsk. Desse stakkars landsmenna som elles hadde frose ihjel i kalde nord.
Korkje kona eller eg har overskot att etter dette. Kokk vil ingen vera. Då er saka klar, det må bli restaurant.
Eg lyt difor fiffa meg opp, praia ein taxi og lita på Norwegian kortet. Eg hentar jo kreditten hos Kjosen iår.

1 kommentar:

  1. Ja, etter ein slik tur, er ein verd middag ute.
    Sender melding når me har orientert oss på mandag.
    Gunhild

    SvarSlett