Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 14. januar 2011

Buksepress

NRK herjar med samvitet mitt. Kvar mandag i beste sendetid fortel ein overivrig sogning med lustramål og målpris, at eg nyttar for vid buksestorleik. To storleika ned på fire veker, vil han ha meg. Oppskrifta er klar: Gi og du skal få.
Gi blaffen i godsaker og stressless, kom deg på beina og bruk det som er att av rørsleenergi i lekamen. Han førespeiler inga gledesopplevingar, men fire veker med hardt og vondt arbeid. Så etter 4 veker skal ein stå der, utsliten og med ein buksegarderobe som ikkje høver til kroppen lenger. Då må ein anten ut på buksehandel, eller legga seg til ein saggestil der lågthengjande bukser er noko av kjenneteiknet.
Ikkje for det: nokre ungdomdsbukser har eg gøymt unna denne rydde- og kastebølgja som har ridd heimen den siste tida. Eg brukte eindel av dei på hagearbeid i sommar. Då forlenga eg linninga med ein taustump. Det er vel desse sogningen vil ha meg inn att i nå. 
Eg er ikkje komen igang med treninga ennå. Planane er klare, men som pensjonist slit ein med å få lange nok dagar.  Det er heise mykje som skal gjerast, og eg kan ikkje prioritera alt. Og om eg skulle trena i tillegg, ville dette frårøva meg verdfull tid og setta meg i ei enda større tidsklemme.
Men som sagt, planane ligg der. Ein dag skal eg plukka dei fram og tenkja over kva eg kan bruka dei til.

3 kommentarer:

  1. Sogningar bør ein ikkje høyre på. Det er mitt beste råd i denne saka. Det at du framleis har eit lager med fjonge, ungdommelege bukser, bør du fortelje mi kjære kone. Sei at slik må det vere i alle møblerte heimar der det bur ekte mannfolk.

    SvarSlett
  2. Ja eg skal seia det til kona di ved høve. Faren er at ho tek saka opp med kona mi, og då...

    SvarSlett
  3. Eg trur nok at både kona di og eg veit veldig godt kva som finst av unødvendige ungdomsbukser i heimane våre......

    SvarSlett