Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 30. januar 2011

Naboskap

Her på Los Veleros har me engelske naboar. Det er kjekt, for då kan me snakka både med dei og om dei. Me kan drøsa med dei når det høver seg slik, og snakka stygt om dei, når me lystar det. Det er jo desse kulturskildnadene som det er morosamt å tulla med. Engelskmenn har eit handikap på det viset. Dei kan jo berre det språket som alle skjønar. Då er det vanskeleg for dei å sitja på terrassen og vera indiskre. Dei har det like vanskeleg med slikt som me har det heime på Husnes med naboane der, om dei kjem for nær. Men det er det jo sjeldan dei gjer.
Naboane på Husnes har eg i snart 34 år halde greitt frå livet. Eg har alltid hatt eit korrekt, men aldri hjarteleg forhold til slike. Dei næraste der helsar eg på og snakkar om brunsneglar med, men det er alt. Eg har aldri vore inne hos dei, eller filosofert saman med dei over ei øl. Eg måtte hit til Puerto Rico for at det skulle skje.
Like ved bustaden vår her, gjekk me på dei. Nei jusses, tenkte eg. Korleis takla dette? Men så kom eg på at nordmenn i syden ikkje er som andre nordmenn. Me inviterte dei såleis med innom der me bur, og gav dei ei øl.
Rart kor venlegsinna ein kan verta i ei slik setting. Me fekk til og med drøst om korleis me har det i husa våre på Husnes, og kor lite me eigentleg veit om kvarandre der.
Dei ønskte å utveksla telefonnr og ymta frampå om å eta saman ute ein kveld. Så kven veit, kanskje har me skaffa oss nye omgangsvener.
Me ser.....

1 kommentar:

  1. Ja, det er sånn nå for tida. Ein må til utlandet for å treffa naboen, og då synes me de er "gamle kjente" sjøl om me aldri pleier snakke med de. Sånn e det i morgon og, då kjem det fleire kjente. Vi snakkes kanskje då.
    Gunhild

    SvarSlett