Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 7. januar 2011

Blanke ark og tomme skap

Min morfar, Far Myklabust som me kalla han, var ein stor samlar. Han hadde ikkje spesialisert seg innanfor eit felt, men samla på alt mogleg. Alt kjem til nytte ein eller annan gong, meinte han. I verkstaden/garasjen hans var det ikkje lov for borna å vera aleine. Dei gongene eg var der, var det saman med han. Der var det mykje spennande saker og ting i kaotisk orden. Sjølv hevda han å ha oversikt og fann oftast det han var på jakt etter.
Han budde i etasjen over garasjen, og hadde såleis full kontroll over om den knirkande garasjedøra vart opna. Då var han på pletten, ikkje uvenleg, snarare litt engstleg og undrande. Sakene sine i garasjen ville han ha kontroll på.
Morfar var ein samlar, det er sonen min og. Eg trur difor  eg og kanskje har ein bit av dette samlargenet. Kona mi er ikkje i tvil. Du må kvitta deg med dette rotet, får eg ofte høyra.
I går blei presset for stort. På loftet mitt var det mykje rart, eg innrømmer det. Så eg tok på meg ansiktsmaske og hanskar, og gjekk igang. Ting skulle vekk. Tjuefem årgangar av Gjør Det Selv, Bauer smalfilmkamera, Tandberg lydband, platespelar, eksevis med diskettar, Cd-ar, skulebøker, skrivar til PC, hyllemeter med bruksrettleiingar, ein gammal symaskin pluss ennå mykje meir. Til og med mp3-spelarar gjekk på lasset.
Eg pakka bilen full, og køyrde til SIM. Eg var lei meg. Kvifor var eg så svak og ikkje stod imot. Morfar var ein mild og lun kar. Men når det gjaldt å ta vare på ting, var han sterk og stod imot alt press. Eg rekk han nok ikkje til knea på det feltet.
I dag har eg ein ny dag med blanke ark. Men fargestiftane gjekk visst i bosset. Lurer på kva eg skal med alle desse tomme skapa og hyllene på loftet.
Når skal du rydda i garasjen?, spør kona. Ikkje ennå, seier eg

6 kommentarer:

  1. Eg er i sjokk. Har du kasta alt det der? Eg finn ikkje ord. Treng du legehjelp? Må du leggjast inn?

    SvarSlett
  2. Dette er vel eit resultat av det eg skreiv i nyttårsinnlegget. Nytt år. Ny dans.
    Men eg er usikker på kven som leier an i dansen.

    SvarSlett
  3. jaggu på tide at nokon har vit til å kvitte seg med gammalt husafyll som vi sa på strilelandet. Tenk om noko slikt kunne ha skjedd her i huset....skulle gjerne bydd opp til ein slik dans!!!

    SvarSlett
  4. Skulle aldri ba opna barskåpet for Anne i kveld ...

    SvarSlett
  5. Eg seier meg lei for at det siste blogginnlegget mitt ser ut for å ha laga uhyggestemning i heimen på fredagkvelden.

    SvarSlett
  6. I denne teknologiske tidsalder går det raskt å fylle skapene igjen, så det kan være bra å ha noen tomme. Alt teknisk utstyr er nå programmert til å stoppe etter en bestemt tid. Slik er det i "bruk og kast" tiden.

    SvarSlett