Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 1. september 2010

Nyttig arbeid

Den 16. desember i fjor skreiv eg første innlegget i bloggen min "Observasjon og tolking". Dette er innlegg nummer 121. Det vert rundt rekna eit innlegg annankvar dag.
Kvifor driv eg eigentleg på med slikt, har eg tenkt. Bør eg heller gjera noko nyttig arbeid, har eg og tenkt.
Men nyttig arbeid, kva er nå det.  Eg er jo pensjonist, og ferdig med arbeidslivet. I 42 år tente eg opp poeng i Statens Pensjonkasse, og vart lønna av stat, fylke og kommune. Då må eg ha utført nyttig arbeid.
 Eg har jo alltid tenkt nytteverdi, når eg har brukt av energien min. Det må vera fysikkutdanninga som har sett sine spor.  I fysikkverda er det jo slik at ein definerer ulike kvalitetar for energien: Ei energiform er høgverdig dersom ho kan brukast til nyttig arbeid. Om ho ikkje kan det, er energiforma lågverdig. Energien i meg har avteke, og kvaliteten minka. Det er eindel av den naturgjevne nedbrytingsprosessen som herjar i kroppen til pensjonistar. I den grad eg prøver meg på nyttig kroppsarbeid nå, vert eg avslørt. Dei unge 40-åringane som eg er i slekt med, har  energi og  kraftressursar som eg har gløymt ut at eg nokon gong har hatt.
Såleis er det ikkje imponerande det eg kan framvisa av høgverdig energi, for tida. Men lågverdig energi er det framleis mykje igjen av. Liksom slik at eg vil mykje, men får det ikkje heilt til.
Skriva blogginnlegg er eindel av dette lågverdige. Men eg gir blaffen i om det er slik. Eg kan då sitja fredleg i stova med pc-en i fanget og la tankane driva. Reflektera og assosiera, drøyma og gløyma. Terapeutisk. Og tastane, ja dei finn eg endå.
Men nyttig arbeid, nei det er det ikkje.

5 kommentarer:

  1. Jau, det er nyttig arbeid. Du heng att i gamle og avlegse forestillingar om at nytteverdien av arbeid er proposjonalt med sveitteutsondringa i utføringsfasen eller marknadsprisen for produktet.

    SvarSlett
  2. Vanskeleg å vita kva du meiner med nyttig arbeid.
    Nyttig for kven og for kva?
    Er dette verdiskaping? Er det ikkje berre ekshibisjonistisk aktivitet for å få merksemd?

    SvarSlett
  3. Arbeid som gir deg sjølv og medmenneska glede og hugnad er nyttig. Svært nyttig. Basta! Det er slik eg trøystar meg når eg skriv blogg.

    SvarSlett
  4. Den er grei. Fortsett med bloggskrivinga. Eg kosar meg med dine blogginnlegg

    SvarSlett