Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 5. september 2010

Er dei gamle eldst ska tru?


Eg kom over denne grafen i Teknisk ukeblad av alle plassar. Stikk imot det dei fleste trur, så står nordmenn lengst i arbeid samanlikna med  situasjonen i mange andre land i Europa.
Sjølv pensjonerte eg meg litt før eg vart 64 år, og er i så måte gjennomsnittleg også på dette området. Eg er usikker på om landet er tent med å ha alle desse gamlingane i toppløna arbeid. 
Eit par døme kan brukast til å illustrera kva eg meiner. 
Døme 1: 
Eit par år før eg sjølv pensjonerte meg, kom elevane mine opp til munleg eksamen. Sensor var eldre enn meg, og alderen hadde redusert mykje hos han, særleg hørselen. Under eksaminasjonen såg eg  at han stundom flakka med blikket, og prøvde å gjera øyreflata større ved å nytta handflata som ei slags parabolantenne bak øyra. Han fekk ikkje med seg kva den svært flinke eleven greidde ut om. I karakterfastsetjing etterpå, vart diskusjonen mellom han og meg knallhard, og eg fekk slite jenta opp ein karakter i høve til det han ville gi henne. Ho skulle hatt endå betre, etter mi vurdering.
I den tjomslege atmosfæren omkring rundstykkene på lærarommet etterpå, gav han uttrykk for at han trivdes så godt i jobben at han slett ikkje skulle gi seg før pensjonsreglane  (70 år) tvang han til det.
Døme 2:
For mange år tilbake, då eg var svært ung, hadde eg og ein sensor for elevane mine som var steingammal. Eleven var svak, svært svak. Sensor var heller skranten og mista stundevis papira sine på golvet mens eg eksaminerte og eleven svara i hytt og ver. Då sensor stundom dukka opp bak bordet frå nedturane sine, hadde eleven sagt så mykje dumt at eg frykta for stryk. Dette var bra, sa sensor i diskusjonen etterpå. For første og einaste gongen i livet ville eg setja dårlegare karakter enn sensor. Nei det kjem ikkje på tale med dårlegare enn 5 her, sa sensor.
Lite veit eg om korleis det gjekk med denne eleven seinare, men handbagasjen han hadde med seg i naturfag stemde ikkje med det som stod på utsjekkingspapira. Og den gongen var me nøye på slikt. Idag kan ein jo skaffa seg gode vitnemål på så mange vis.
Eg er komfortabel med at eg gav meg mens eg framleis var brukande. Skjønt det er jo ikkje opp til meg å vurdera om eg var det. At ingen på arbeidsplassen min tviheldt på meg, eller prøvde å overtala meg til noko anna, var kanskje symtomatisk. Kva veit eg i min høge alder?


3 kommentarer:

  1. Dette er nok eit hint til den læraren som no er eldst på skulen der du arbeidde. Viss hintet hadde kome frå ein litt yngre kollega, skulle eg ha tatt det endå meir alvorleg.

    SvarSlett
  2. Åhh nei. Korleis kan du tru noko slikt. Deg hadde eg slett ikkje i tankane. Så vidt eg har observert, høyrer du meir enn nok, kravlar vanlegvis ikkje rundt på golvet, og er oftast raskt til beins og kvikk i replikken. Du held nok i mange år til.

    SvarSlett
  3. Du er flink til å trøyste, mange takk for det! Og så gleder eg meg til å dele arbeidsrom med deg nokre dagar i oktober.

    SvarSlett