Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 14. september 2010

Til varmare strender







Å vera snikkar i regnvær er travelt. Ikkje før er sag, drill og høvel sett fram, så kjem det ein regnskur. El-verktøy toler lite vatn. Overser ein dette faktum, så gir huset sin jordfeilbrytar melding. Denne veka har eg snikra mellom bøyene. Den viktigaste reiskapen for å få gjort noko, har vore yr.no for Husnes
I slutten av veka dreg eg til syden. Værmeldinga for den spanske solkysten er annleis. Sidan yr har vore så treffsikker i det siste, reknar eg med at dei er å stola på i nokre veker til også på andre breiddegrader. 
Nerja er målet. Der på 36 grader nord finn ein (ikkje overraskande) det såkalla Middelhavsklima. Der kunne eg godt tenkt meg å vera snikkar på denne tida. Der jobbar dei i kortsbukse med magen bar vinteren igjennom, og halve dagen har dei siesta. Då er resten bart også. Om kvelden drikk dei raud, spansk vin og Sangria. Señoritaene dansar flamenco. Det er jo nettopp i denne regionen (Andalucia) at  musikkstilen og dansen flamenco oppstod. Der vert eg kalla señor, og dei meiner det på fullt alvor. Ein vyrdsam tiltale, utan at dei vil gi uttrykk for at eg er ein gammal gubbe. 
Señor carpintero, kan dei kalla meg. Slikt kan eg lika. 

2 kommentarer:

  1. Gode señor carpentero y la señora carpentera! Ha ein fin tur og kos dykk! Og lat hammaren kvile, lat heller ein av dei millionar arbeidslause españolane få litt arbeidstrening viss noko må vølast!

    SvarSlett