Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 24. september 2010

Ein dagstur til utlandet

I slaget ved Trafalgar i 1805 blei Lord Nelson drepen. Då liket hans vart heimsendt frå Gibraltar til England, fann dei ein framifrå måte å bruka for at liket skulle halda seg. Dei la han i ei tunne og fylte den opp med rom. Då dei åpna tunna i England var liket heilt topp, men all romen var borte. Slik er det med engelskmenna. Dei fornektar seg ingen ting. Dei har bite seg fast der nede i Gibraltar.
Me var der i går. På engelsk jord. Der sel dei øl i pint på brune pubar, og gatene heiter Churchill road og Victoria street.  Der bur der 30000 innbyggjarar på 6 kvadratkilometer. Dei har Europas einaste viltlevande apar eller "not ape but monkey" som sjåføren som køyrde oss opp på den 426 m høge klippa presiserte.
Ved folkeavstemminga i 2002 sa 99% av folket der nei til at Spania skulle ha overherredømme over klippa. Spanjolane er relativt rasande på at britane framleis bit seg fast der, og det er nitidig pass og tollkontroll på grenseovergangen. Like etter grensa ligg flyplassen på Gibraltar. Vegen går tvers over flyplassen. Der får bilane raudt lys når flya skal landa eller letta. Her må ein spara på den vesle plassen ein har.
På Gibraltar er det 55km tunnellar inne i klippa , men berre 35km med veg på utsida. Klippa er og gjennomhulla med kanonhol. Inne i dei står det framleis ladde kanoner retta mot Spania.
I James Bond filmen The Living Daylights, var startscenen teken opp på Gibraltar. 007 rasa nedover i bil frå toppen av klippa, køyrde utfor vegen og løyste straks ut fallskjermen sin. Det er bratt nedover her, men ta det roleg, sa sjåføren vår. Det er fallskjermar under setene. Svanhild vart ikkje roleg etter dette.
Gibraltar er eit konglomerat. Sjølv om dei fleste har engelsk blod i årene, har mange andre typar gener. Det imponerte meg og kor tolerante ein var i høve til ulike religionar. Her var kristne av alle slag, muslimar, jødar, buddistar, hinduistar. Og alle har sine religiøse byggverk .
Attende i Spania. Det er finare her. Gibraltar virka sliten og litt forsøpla. Trur nok David Cameron bør spytta inn nokre pund her. Britiske pund. På Gibraltar nyttar dei gibraltiske pund. Dei har ingen verdi utanlands.

1 kommentar:

  1. Cameron har visst ikkje så mye å "ruttta med" de første 5 årene, prøver visst og stable på beina et budsjett uten for store underskudd. Apropo "grått og trist" så er vel også det kjenne-tegnet på en del områder i england og. Og noen briter virker unektelig litt "slapsete", men kan ha et "hjerte av gull" til tross for det.

    SvarSlett