Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 2. september 2010

Overdraginga

Eg har vore på overdraging. I går ringde det i mobilen min, ein HTC S740, med eit fortryllande flott ringesignal. Polyfonisk. Du er invitert som gjest ved overdraginga av den nye vidaregåande skule, sa Berit på kontoret. Det skjer klokka 12.30 og det vert servering i etterkant. Kjem du? Ja takk, klart eg kjem. Overdraging har eg jo aldri vore på før, sa eg.
Flaks at eg nett hadde kjøpt meg ny finjakke på YouWho. Ei jakke eg hadde gått og sikla etter ei stund, men som eg ikkje slo til på før eg hadde innkjøpsjefen med meg. Den kledde du, sa ho. Men ho er dyr, sa eg og stussa. Ja, men det får gå for denne gongen, sa ho.
Eg dusja meg to gonger, før eg kledde meg. Ingen skulle få setja ut rykte om at pensjonistane ikkje er nøye med hygienen. Eg brukte både den thailandske og den amerikanske deodoranten under armane. Eit slag under kvar arm. Eg tenkte på den måten å skapa eit inntrykk av noko internasjonalt. Den kosmopolitiske pensjonisten, var det eg ville folk skulle få ei aning av. Med ei romsleg Hugo Boss trøye, som ein effektiv men kledelig magekamuflator, Levis beinklær og altså denne dyre finjakka eg nett hadde kjøpt, la eg avgarde. Etter 33 år på denne arbeidsplassen visste eg at å gå dit tek meg 5 min og 45 sekund, om eg ikkje vil svetta.
Eg gav meg 20 minutt. Ikkje verd å koma forseint til overdraginga, tenkte eg. Å koma for seint til noko, er for meg utenkjeleg. Eg hatar slike uvanar nokre folk har. Dei kjem diltane etter at klokka forlengst har  passert dødlinja, og ser ut som om vi som er komne tidsnok, skal vera begeistra for at dei kjem. Såvidt eg hugsar har eg forsove meg berre ein gong i løpet av mi yrkeskarriere, men då ringde eg jobben og sa at eg var sjuk. Ingen skal ha det på meg at eg ikkje er presis. Sjukdom styrer vi jo ikkje over.
Berre lydfolka var på plass idag då eg kom. Det undra meg. Overdraginga skulle jo starta om knappe kvarteret. Etterkvart kom dei andre spesielt inviterte. Pensjonistane først. Alle hadde jo høyrd om eit gratis måltid. Så kom dei andre. Dei som skulle seia fram talar og rekka over skulen til dei som var eit hakk under dei på hakkestigen. Til slutt fekk rektor skulen, sjølv om han jo hadde brukt han i vekevis før dette. Men det var vel andre sin skule han hadde brukt då. Nå var skulen hans, og det han dreiv med blei på ein måte legalisert.
Tekstar av m.a. Henrik Ibsen, Haldis Moren Vesaas og Odd Nordstoga framførd av ei fortryllande, men avgått elevkvinne og hennar musikantar, sjarmantiserte og trollbatt oss. Ho fekk oss til å føla at det ikkje berre var marsipankaka som var rosina i kaka idag.
Ikkje alle gamle folk er pensjonistar. Nokre held ut i jobben. Skulen sin eldste lærerar, ein ikkje ukjend bloggar, held framleis fana høgt. Han er m.a. historielærar og nyttar sine kunnskapar i mange praktiske situsjonar. Det er jo vanlegvis prisverdig at fagfolk deler sine kunnskapar med ikkje-faglærde.
Ser du brukar Hugo Boss skjorte, sa han henvendt til meg. Ja, eg likar snittet, meinte eg.
Han forma og ut SS-uniformene til tyskarane, sa han. Ja det var flotte klær, sa eg. Men eg trakk nyejakka litt betre omkring meg, før eg gjekk til kakebordet.
Det var godt med søtsaker etter denne overdraginga.

1 kommentar:

  1. Det var ei nydeleg skjorte, det stakk i meg av misunning. Kjeltringen Hugo Boss er daud for lenge sidan og har ikkje rørt skjorta di med sine skitne (daude) fingrar. Forresten var det visstnok ikkje skurken Hugo sjølv som teikna SS-uniformene, på same vis som skurken Vasco frå Gama ikkje fann sjøvegen til India. Vasco hadde arabiske losar, og Hugo hadde og folk i arbeid.

    SvarSlett