Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 16. september 2010

Lette koffertar og slanke kroppar

I morgon blir det Ryanair frå Karmøy til Malaga. Etter at eg fekk auga mitt opp for dette lågprisflyselskapet, har eg vore trufast kunde der. Konseptet med fråværande service og minimal bagasje, tiltalar meg. Her må ein klara seg sjølv både i  initieringsfasen, planleggingsfasen, gjennomføring- og oppfølgingsfasen og i evalueringsfasen. Det einaste Ryan gjer, er å frakta meg frå A til B. Ja, og så sel dei skrapelodd på flyet. Mitt matematikkhovud seier meg at eg skal avstå frå slikt. Men etter ein livgjevande cognac som eg vanlegvis finn i taxfree posen i handbagasjen, vert stundom skrape og gnikke lysta for stor. 
Det har blitt investert i fleire bagasjevekter i heimen etter at Rayan kom inn i livet mitt. 10 kg og 15 kg er strategiske massar. Kona har investert i eit sneis ulike handbagasje-koffertar. Kvart år finn ho ein som er lettare enn den ho har. No går det i trillebaggar laga av flortynt stoff med glidelåsar i plast. Taraen må minimaliserast. 55cmx40cmx20cm er blitt dei vitale måla for begge kjønn. Hald ein seg der, er ein velkommen inn i Ryanriket.
I lufta er tyngda av flykroppen med innhald avgjerande. Oppoverkrafta på vengene må vera større enn nedoverkrafta, iallfall i starten om dette skal bli ei vellukka reise. Nedoverkrafta er bestemt av vekta på fly med innhald. Difor er det avgjerande at passasjerane ikkje er overvektige. Kvar kroppskilo, og nokre har mange, tel. Eg tenkte å tipsa Ryan om muligheita som ligg i å avgiftsbelasta dette. Personen sin BMI kan vera avgiftgrunnlaget. Dette vil vera eit enormt insitament for å slanka seg. Nett som boksarane må slanka seg før innveginga framfor ein kamp, vil folk eta seg ned før dei entrar vekta ved innsjekkinga til Ryanairflyet. Når ein tenkjer på at  fedmeepidemien står for 2 - 6 % av dei totale helsekostnadene i industrialiserte land, kan såleis flyselskapet stå oss bi i denne kampen. Då kan deler av helsebudsjettet vårt overførast til Ryanair.
På fredag sit eg meg på flyet. Eg tek knyttnevetesten, som går greit etter at lommen på ryggsetet er fjerna av selskapet. Der eg før lagra raudvinsflasker og plastglas, kan eg nå ha knærne mine.
Eg kjenner den akselererande krafta frå seteryggen. Eg er ein mann på veg opp!

1 kommentar:

  1. Ha ein flotte tur då.
    Det hadde vore deiligt nå. Men kos dåkke. Me misunne dåkke ikkje::::::___ Turid

    SvarSlett