Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 10. september 2010

Mitt friske hovud

Magnetresonanstomografi er som musikk i øyrene for ein fysikar. Når eg låg i MR tunellen i Haugesund på mandag, var musikken verkeleg. Eg fekk nemleg øyreklokker på, der P4 radioen dura med sin musakk. Hovudmagneten og småmagnetane i aparaturen dura og. Dei fekk alle protona i kroppen min til skiftesvis å spinna i same retning. På denne måten kan innsendte og reflekterte radiosignal "sjå" sentralnervesystemet avdi kontraseten i høve til anna vev vert så stor.
Eg fekk tilbakemelding i går om fagfolka si tolking av bileta dei tok av skalpen min. Nå har me skanna alt som finns å skanna i hovudet ditt, sa dei. Og her på Curato har me ikkje sett eit klarare hovudet på Vestlandet i manns minne. Ikkje noko grums eller syndige tankar inni der. Alt såg så stilt og fredleg ut at me ei stund lurte på om apparaturen hadde svikta.
Eg takkar P4 redaksjonen som sendte slik avslapppande musikk klokka 12.15 til 12.45 mandag den 6. september. I denne halvtimen, då eg låg i MR trommelen, sank hovudet mitt inn i ein harmlaus tilstand. Eg sovna beintfram. Og det er jo ei kjend sak at den som søv syndar ikkje.

3 kommentarer:

  1. Eg var inne i den samme trommelen i vår, kan ikkje sei at den musakken som du seier var så avslappande, det brumma jo så forferdelig rundt meg. Men eg fekk eit bra resultat eg og. Hovudet fungerer enno. helsing Turid

    SvarSlett
  2. Dei fann ikkje grums og dævelskap, nei... Håpar det ikkje var heilt tomt der inne.

    SvarSlett
  3. Nokre kommentarer er greie, andre er på kanten og atter andre er i fritt fall utover kanten. I innstillingar for denne bloggen kan administrator velja å visa eller skjula kommentarer. Eg tenkte litt på den muligheten idag, men ser det førebels litt an.
    Eg er jo ein romsleg mann som slit med å bli opphissa. Eg har ikkje hovud for slikt...

    SvarSlett