Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 23. august 2010

Rubus chamaemorus

Ingen fortel andre om moltemyrane sine. Desse plassane som ein har brukt år av livet sitt for å leita seg fram til, røpar ein korkje lengde- eller breiddegrada for. Ein vaktar over desse, og prøver å forvirra både folk og fe som er ute etter å komma seg lettvint til herlegdomen.
"Såg du molter der du kjem frå?", kan infantile turgåarar finna på å spørja deg om. "Nei det finns ikkje sorten i år, det har vore for kaldt", er det standardsvaret ein erfaren molteplukkar gir.
Men nokre er i stand til å lukta seg fram til myrane dine. Ein haustdag i 1994 var det slik. Eg hadde funne den gode myra, og gjekk meg turar for å sjå til ho.  Godt kledd i kamuflasjeklær som ein reinjeger på tokt. For moltene må takast til rett tid. Den gongen var det forbode ved lov å plukka kart i Norge. Ein kunne skada molteplantene, trudde lovgjevarane. Folk fekk mulkt for slikt. Nå er den lova oppheva. Likevel er moltene best når dei er akkurat slik dei skal vera. Ja om du ikkje skal laga likør då. Til det høver karten best. Og tanken på at likøren var laga av ulovleg plukka kart, gjorde han ennå betre.
På myra mi stod moltene tett i tett i 1994. Eg fann ut at neste dag var akkurat rette tida å slå til. Dei må jo plukkast før frosten tek dei. Difor sov eg uroleg om natta, var oppe i 6-tida, og la av stad i dimma med rikeleg tal av plastposar i sekken. Men andre var oppe før meg. Glade og nøgde, nymelka av budeia og lette på foten, vrimla dei omlag 50 geitene frå setra over heile moltemyra mi. Og geiter elskar modne molter. Å skrema ei geit bort frå ei moden molte, er vanskelegare enn å stoppe jorda i si bane rundt sola. Ho ser knapt på deg då. Iallfall ikkje før ho har ete i seg det som er. Men då ser ho seg rundt etter meir, og forfølgjer deg resten av dagen, om ho trur det er noko å "hala" hos deg.
Eg har lagt min hat på geiter etter dette. Å vera så nær desse gullbæra, desse dyraste bæra i Norge, og likevel koma for seint, var forsmedeleg. Eg tenkte ein kort augneblink på å ta turen innom setra og klaga mi naud og søkt meg trøyst hos budeia. Ein barmfager frodig kropp som sikkert hadde hatt mykje trøyst å dela ut. Men akk, det blei ein flygetanke som ikkje satte seg fast i hovudet.
Så det blei å søkja andre jaktmarker etter fjellets gull. Eg meiner etter  myrbæra, Rubus chamaemorus.
Nå er setra nedlagd, og hyttenaboane er i stor grad eit hakk skrøpligare enn eg er, iallfall enn kona er.
Men eg slit ennå med traume etter fiaskoen i 1994. Så det blir slik nå at av to vonde velgjer eg det miste. Så iår blei det hyttebeising for meg. Mens kona sanka seg 6 kg bær til frysaren.

2 kommentarer:

  1. Apropos budeier, held du hemmeleg kvar dei er å finne? Eller er det berre geitene som klarer å finne dei?

    SvarSlett
  2. Geiter har tidvis melkespreng. Då treng dei budeier, og nyttar sitt innebygde Googlekart for å finna vegen til henne. Om du heng deg på ei slik geit, kjem du til budeia.
    Men du har vel ikkje melkespreng, så kva skal du dit for?

    SvarSlett